New York er eit amerikansk vekeblad. Det tek for seg livet, kulturen, politikken og moten i New York by. Bladet blei grunnlagt i 1968 av Milton Glaser og Clay Felker som ein konkurrent til The New Yorker. Det var frekkare og mindre høfleg i stilen enn konkurrenten, og bidrog til utviklinga av såkalla new journalism.Wolfe, Tom. (14. februar 1972) Tom Wolfe Gives an Eyewitness Report of the Birth of 'The New Journalism' - New York Magazine. Nymag.com. Henta 23. oktober 2013.

I 2009 var opplaget på 408 622, og 95,8 % av desse kom frå abonnement. Nettstadane til bladet — NYmag.com, Vulture.com, The Cut og Grub Street — hadde i 2013 over 14 millionar besøk kvar månad.Bhuiyan, Johana. (31. mai 2013) 'New York' mag hires new online deputy, as traffic grows . Capital New York. Henta 23. oktober 2013.

I 2018 la eigaren til bladet, New York Media, inn ein betalingsmur for alle nettstadene sine, følgd av fleire oppseiingar tidleg i 2019.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «New York (magasin)» frå og «New York (magazine) » frå , den 26. mars 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske tidsskrift Kategori:Engelskspråklege tidsskrift Kategori:Skipingar i 1968 Kategori:New York City