Siri Skare () var ein norsk oberstløytnant i Luftforsvaret og blei den første norske kvinnelege militærflygaren i 1984.Fra Spitfire til F-16 – Luftforsvaret 50 år 1944-1994. Tom Arheim, Bjørn Hafsten, Bjørn Olsen, Sverre Thuve. Sem & Stenersen, 1994, s. 117. ISBN 82 7046 068 0

Karriere Skare var allereie utdanna trafikkflygar og instruktør med 1400 timar bak segAftenposten 2. oktober 1984 då ho blei teken opp ved Flygeskolen i 1982. Ho blei tildelt flygarvengen etter end utdanning i USA den 11. mai 1984.Tom Arheim, Bjørn Hafsten, Bjørn Olsen og Sverre Thuve: Fra Spitfire til F-16. Luftforsvaret 50 år 1944-1994, Oslo: Sem & Stenersen, 1994, s. 68.Grethe Værnø og Elisabeth Sveri: Kvinnenes forsvarshistorie, Oslo: Kvinners frivillige beredskap , 1990, s. 176. Seinare same året byrja ho i teneste på Orion-fly ved 333 skvadron, som den første kvinnelege militærflygaren i Noreg. Skare tenestegjorde deretter på Hercules ved 335 skvadron.dagbladet.no (1. april 2011): Oberstløytnant Siri Skare (52) drept i Afghanistan, besøkt 2. april 2011

Frå august 2010 var Skare militærrådgjevar for SN sitt assistanseoppdrag i Afghanistan, United Nations Assistance Mission in Afghanistan. Ho blei drepen då demonstrantar angreip SN sitt kontor i Mazar-e Sharif under ein demonstrasjon 1. april 2011 mot pastor Terry Jones si brenning av Koranen i USA 20. mars.

Basen til luftforsvaret på Seychellane i samband med Noreg si deltaking i Operasjon Ocean Shield, «Camp Skare», blei kalla opp etter henne.Overvaker piratar i det indiske hav , forsvaret.no, 23. september 2011. Besøkt 25. september 2011.

Utmerkingar

Skare blei dekorert for den militære tenesta si med Forsvarsmedaljen, Forsvarets medalje for internasjonale operasjoner, Forsvarets operasjonsmedalje for Afghanistan, Luftforsvarets vernedyktighetsmedalje, FN-medaljen UNSSM med UNAMA-spenne og NATO-medaljen for ISAF.

Ho blei òg heidra posthumt med Forsvarets medalje for falne i strid.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Siri Skare» frå , den 20. april 2019.

Kategori:Folk frå Rauma Kategori:Norske flygarar Kategori:Norske oberstløytnantar Kategori:Offiserer i Luftforsvaret Kategori:Norsk militærpersonell drepe under teneste i Afghanistan