London Conversation er debutalbumet til John Martyn, gjeve ut på Island Records i 1967. Martyn var berre 18 år gammal då plata kom ut, og han var den første kvite artisten som vart gjeven ut på Island Records.
Songane er stort sett skrivne av Martyn sjølv og er langt meir vise-prega enn dei seinare blues- og jazz-aktige albuma. Songane vert framførte med berre Martyn på song og akustisk gitar. På ein song spelar han òg sitar. Albumet kosta visstnok 158 GBP å spele inn. Biletet på plateomslaget vart teken på taket til sjefen i Island Records, Chris Blackwell i Cromwell Road.
Innhald
Medverkande John Martyn - vokal, gitar, sitar, munnspel
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «London Conversation» frå , den 4. april 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:John Martyn-album Kategori:Debutalbum frå 1967 Kategori:Album produserte av Chris Blackwell Kategori:Island Records-album