mini|300px|Kart over Austromarriket til ulike tider. Austromarriket, Det bysantinske riket eller Bysants (latin Imperium Romanum, gresk Βασιλεία Ῥωμαίων) var den austlege av dei to delane Romarriket blei delt inn i som ei følgje av keisar Diokletian sine omfattande administrative reformer. I eitt hundreår etter Diokletian si tid blei framleis dei to delane sedde på som eitt keisarrike. Etter at Theodosius den store døydde i 395 blei kløyvinga endeleg. Austromarriket synte seg å vera meir stabilt enn den vestlege delen, og varte i nesten tusen år etter at Vestromarriket fall i 476. I løpet av Justinian I si regjeringstid (som starta i 527), blei store delar av Vestromarriket erobra. Ein klarte ikkje å halde det store riket saman. Etterfølgjarane i det justinske dynastiet måtte sjå at riket gjekk inn i ei nedgangstid. Keisarriket fekk ei ny stordomstid mellom slutten av 800-talet og starten av 1000-talet, der tapte område blei attvunne. Seinare gjekk riket attende i og med invasjonar av krossfararane og osmanarane. Hovudstaden Konstantinopel blei teken av sultan Mehmet II i 1453. Med dette blei Austromarriket oppløyst.
Historie Tetrarkiet Delinga av Romarriket tok til med tetrarkiet (firarstyret) mot slutten av det tredje hundreåret. Etter hundre år med borgarkrig kom Diokletian fram til at riket trong radikale endringar for å bli stabilt igjen. Han innførte ei rekkje omfattande reformer som skulle gjera styret av det enorme keisarriket meir effektivt. Det blei delt i to, pars Orientis (aust) og pars Occidentis (vest)) med ein keisar (augustus) kvar. Desse delane var igjen delt i to prefektur, og kvar augustus hadde ein yngre cæsar under seg. Men tetrarkisystemet blei for innvikla, og det baserte seg på at dei etterfølgjande augustusane og cæsarane følgde spelereglane, noko som skulle vise seg å vera ønsketenking frå Diokletian. Etter at Diokletian og medkeisaren Maximian abdiserte i 305 til fordel for cæsarane sine, tok systemet raskt til å falle frå kvarandre igjen, og ein ny borgarkrig tok til. Dei neste 90 åra blei riket samla, delt og samla igjen fleire gonger, inntil den endelege kløyvinga etter at Theodosius den store døydde.
Konstantin den store klarte i 324 å samle heile riket under seg, og valde å flytte hovudstaden sin bort frå Roma og senatet. Han valde den strategisk lokaliserte greske byen Bysants, Konstantin lét byggje ein ny by rundt den gamle og kalla han Nova Roma (Nye Roma). Namnet slo aldri an og byen blei på folkemunne kalla Konstantinopel (gr. Κωνσταντινούπολις), «Konstantin sin by». Konstantin var sannsynlegvis den første kristne keisaren. Religionen som hadde blitt så valdeleg forfølgd under Diokletian blei ein tillaten religion. Den auka etter kvart sin innverknad blant elitane i keisarriket, bortsett frå eit lite mellomspel med den heidenske keisaren Julian, og blei under Theodosius den store innført som statsreligion.
Austromarriket si tidlege historie Den endelege delinga av Romarriket kom ved keisar Theodosius den store sin død i 395, riket blei da delt mellom hans to søner, Arcadius og Honorius. Arcadius blei keisar i aust med Konstantinopel som hovudstad, medan Honorius blei keisar i vest med hovudstad i Ravenna. Dei enorme problema som no møtte Vestromarriket, med dei germanske folkevandringane, blei for det meste unngått av det austlege riket. Gjennom det 5. hundreåret blei Vestromarriket gjentekne gonger invadert, og fleire germanske kongedømme blei etablert i område som Roma hevda overherredømme over, og i 476 blei den siste vestromerske keisaren Romulus Augustus avsett.
Theodosius II forsterka forsvarsverket rundt Konstantinopel, og byen blei verande ikkje innteken heilt til 1204. Theodosius valde å gje etter for hunaren Attila sitt krav om tributt i gull, i staden for å prøve å stå imot eit invasjonsforsøk. Han såg det au som ønskjeleg å skapa handel mellom hunarane og Konstantinopel. Etterfølgjaren hans, Marcian, nekta derimot å halde fram med betalinga av denne massive tributten. Men Attila døydde i 453 og riket imploderte i intern krigføring, dette medførte at Konstantinopel var frigjord frå den overhengande faren for invasjon. Etter dette blei tilhøvet stadig betre mellom Austromarriket og dei attverande hunarane, og hunarar blei etter kvart tekne inn som foederati i den austromerske hæren.
I 468 freista keisar Leo I utan hell å gjenerobre Nord-Afrika frå vandalane. Vestromarriket hadde på denne tida berre kontroll over Italia. Britannia fall til anglarane og saksarane, Hispania fall til Visigotarane, Afrika til vandalane og Gallia til frankarane. Leo var den første keisaren som blei krona av patriarken i motsetning til ein general eller ein offiser som var romersk tradisjon. Denne vanen blei etter kvart ein tradisjon, og i mellomalderen tok dei religiøse trekka av kroninga fullstendig over. I tida etter Attilas fall var den sanne herren av Konstantinopel ikkje keisaren, men den alanske generalen Aspar. Men Leo klarte å frigjera seg frå makta til Aspar ved å favorisere eit opprør blant ein halvbarbarisk stamme i Sør-Anatolia, kalla isauriene. Som eit ledd i alliansen med isaurane gifte Leo bort dottera Ariadne til isauraren Tarasicodissa, som seinare tok namnet Zeno. Opprøret enda med at Aspar og sonen Ardabur blei drepne i 471. Etter dette var Konstantinopel fri for utanlandsk innverknad i fleire hundre år. Da Leo døydde i 474, blei han etterfølgd av Ariadne og Zeno sin son Leo II, med Zeno som regent. Da Leo døydde seinare same året blei Zeno krona som ny keisar. Året etter blei Zeno avsett av generalen Basiliscus, som hadde leidd Leo I sitt invasjonsforsøk i Afrika. Men Basiliscus klarte ikkje å halde på makta, og tjue månader seinare klarte Zeno å vinne att trona. Zeno møtte no motstand frå to av sine tidlegare allierte, isaurane Illo og Leontius, som begge no kravde keisartittelen.
Samtidig i Vesten hadde Odovakar avsett keisar Romulus Augustus og innsett seg sjølv som konge av Italia. For å vinne Italia tilbake sende Zeno sin allierte, den austgotiske kongen Teoderik den store, mot Roma. Teoderik sigra over Odovakar i 493 og etablerte eit austgotisk kongedømme i Italia, formelt på vegner av den austromerske keisaren, men praktisk sett uavhengig. Teoderik bygde opp kongedømmet til å bli datida sitt mektigaste germanske rike, men etterfølgjarane hans lét dette kongedømmet si makt forfalle.
I 491 døydde Zeno og blei etterfølgd av Anastasius I, som gifte seg med Ariadne, Zeno si enkje. Isaurarane, under Zeno sin bror Longinus, gjorde opprør mot den nye keisaren. Anastasius klarte raskt å slå ned opprøret, men isaurrane heldt fram med å kjempe, med geriljakrigføring frå dei isauriske fjella heilt fram til 496. Anastasius viste seg å vera ein energisk reformator, spesielt innanfor finanssystemet. Han utvikla Konstantin sine monetære system, og gjennomførte eit nytt skattesystem som gjorde at statskassa var overfylt da han døydde.
Justinian den store mini|venstre|upright|Justinian I (527–565)
Etter Anastasius sin død blei Justinus I utropa til ny keisar, sjølv om han var mesta 70. Den nye keisaren sin nevø Justinian I kom no fram som den som hadde effektiv kontroll. Justinian var son av ein bonde frå Illyria, men blei seinare adoptert av Justin. Justinian oppdaterte dei gamle romerske lovene med det nye lovverket «Corpus Juris Civilis». Sjølv om lovene framleis blei skrivne på latin, var dette språket no arkaisk og få skjøna det, sjølv blant dei lærde som forfatta dei nye lovene. Kyrkja Hagia Sofia (heilag visdom) blei bygd på 530-talet, denne kyrkja skulle bli senteret for den ortodokse kyrkja og for det religiøse livet i Austromerriket. 500-talet var au ei tid med høgverdig kultur, og sjølv om Justinian stengde universitetet i Aten, produserte denne tida store personlegdommar som poetane Nonnus og Paulus Silentiarus, historikaren Procopius, naturfilosofen Johannes Philoponos og fleire.
I 532 sikra Justinian freden i aust ved å inngå ein «evig fred»-avtale med sassanidekongen Khosrau I, ein avtale som kravde at romarane betalte ein monaleg årleg tributt til Persia. Justinian blei driven fram av ein draum om å gjen-etablere Romarriket sitt herredømme over middelhavsområdet, og med hjelp frå dugande generalar som Belisarius og Narses klarte han å mellombels vinne att store delar av dei tapte romerske provinsane i Vesten. Han erobra store delar av Italia, Nord-Afrika, og mindre område sør i Hispania. Erobringane hans starta i 533 da han sende Belisarius til Afrika med ein liten hær på 18 000 mann. Vandalkongeriket var på denne tida mykje svakare enn det var da Leo I freista å ta dei i 468, og Kartago overgav seg etter berre eit par mindre samanstøytar. Belisarius vende tilbake til Konstantinopel i triumf, og med den siste vandalkongen Gelimer som fange. Men motstanden mot romarane i Nord-Afrika var enda ikkje heilt knekt, det var ikkje før i 548 at dei siste lokale stammane la ned opprøret mot Konstantinopel.
I 535 sette Justinian i gang sitt mest ambisiøse prosjekt; gjenerobringa av Italia som på denne tida framleis var under austgotarane. Ein mindre hær blei send over land, gjennom Dalmatia, medan hovudstyrken blei frakta over havet, igjen leidd av Belisarius. Han landa først på Sicilia og erobra øya lett. Marsjen gjennom det italienske fastlandet viste seg au å vera utan stor motstand, Napoli, Roma og hovudstaden Ravenna fall ein etter ein. Gotarane var tilsynelatande slegne, og Justinian kalla Belisarius tilbake til Konstantinopel i 541. Belisarius bringa også denne gongen ein fanga konge heim til keisaren; austgotaren Witiges. Austgotarane og deira allierte klarte snart å gjenforeine seg under Totila sin kommando.
Dei følgjande gotiske krigane var ein utmattande serie av omlægringar, slag og tilbaketrekkingar som åt opp det meste av både romerske og italienske ressursar, og gjorde store delar av Italia fattig. Det såg ut som om romarane stod i fare for å miste alle områda dei hadde vunne, ettersom dei ikkje hadde forsynt troppane med tilstrekkeleg finansiell og logistisk støtte. Justinian mista tiltrua til Belisarius og beordra han tilbake til hovudstaden. Sommaren 552 sende Justinian ein ny hær på 35 000 mann som forsterkningar, under leiing av evnukken Narses. Totila blei slegen og drepen i slaget ved Busta Gallorum, og etterfølgjaren Teias blei likeeins slegen i slaget ved Mons Lactarius.
Sjølv om nokre mindre gotiske garnisonar heldt fram med å gjera motstand, og trass i to seinare invasjonsforsøk av frankarar og alemannarar, var krigen om gjenerobringa av Italia no over. Justinian heldt fram med utvidinga av keisarriket ved å leggje under seg alle øyane i Middelhavet, i tillegg til at han klarte å vinne ein mindre del av Spania frå visigotarane.
mini|300px|høgre|Austromarriket ca. 550, Justinian I sine erobringar er farga grønt. Ved å prioritere erobringane i Vesten lét Justinian dei austlege delane av riket stå nesten utan vakthald, sjølv om han hadde bygd mange store festningsverk langs grenselinene. Khosrau hadde så tidleg som i 540 brote fredsavtalen og plyndra Antiokia. Det einaste Justinian kunne gjera for å stoppe han var å godta ein auke i den årlege tributten.