Glasgow Walker er det 21. studioalbumet til den skotske musikaren John Martyn og det første med nye songar på fire år.

Det var det første albumet hans der songane vart skrivne på eit klaverinstrument og ikkje på gitar, etter eit forslag frå venen Phil Collins. Det inneheld ein triphopsong, «Cool In This Life», etter at Martyn hadde eksperimentert med triphop på det tidlegare albumet And.

Albumet vart spelt inn i tre periodar. Dei første vart gjort i heimestudioet til Martyn i Skottland, størsteparten vart innspelt i The Washoose i Mill Studios i Kilkenny i Irland sommaren 1999 med Spencer Cozens og Reginald Hastings. Miksinga vart fullført i Abbey Road studios i London.

Kathryn Williams syng korvokal på «Can't Live Without» og «The Field of Play». Ho vart invitert med av Martyn etter at han hadde sett ho framføre «Saturday Sun» under ein konsert som hylla Nick Drake. Williams fortalte om innspelinga: «Han kom to timar for seint, stygt kledd, med smekken open og ein dress med søle på.»

Innhald

Medverkande John Martyn - vokal, gitar og klaverinstrument, produsent Spencer Cozens - klaverinstrument, lydteknikar, produsent, programmering Reginald Hastings - slidegitar Stefon Taylor - klaverinstrument, programmering, lydteknikar Arran Ahmun - trommer, perkusjon Alan Thomson - bass Jim Lampi - Chapman Stick Phil Cunningham - trekkspel Dave Heath - bassfløyte Kathryn Williams - korvokal på «Can't Live Without» og «The Field of Play»

Teknisk Guy Barker - produsent Bone - lydteknikar, produsent David Brinkworth - produsent, programmering Anthony Minghella - produsent Graham Walker - produsent Gabriel Yared - produsent Henry Warren - produsent, miksing Nick Webb - Mastering

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Glasgow Walker» frå , den 13. april 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2000 Kategori:John Martyn-album Kategori:Independiente Records-album