Støvkjuke (Postia ptychogaster) er ei kjuke som ein ofte finn på gran seint om hausten. Ho ser ut som ein hårete ball, (maks 5 cm), kvit eller skittenkvit med innslag av brun farge. Soppen er ei kjuke fordi han til tider kan danne eit porelag på undersida, men i slikt stadium er han ganske sjeldan.

I Noreg er det rapportert fleire funn av soppen til Norsk SoppDatabase. Han er svært sjeldan på Vestlandet, og ikkje rapportert funnen i Nord-Noreg. Som dei fleste kjuker er han ikkje rekna som matsopp.

Kjelder

Oppføring (etiketter) i Norsk SoppDatabase Bilete frå nahuby.sk Klas Jaederfeldt, Tickboken, Sveriges Mykologiska Förening, Stockholm: 2003, ISBN 91-86586-07-6 Norske Poresopper - eige avsnitt for støvkjuke eit stykke ned på sida.

Bakgrunnsstoff Oppføring (etiketter) i Norsk SoppDatabase Klas Jaederfeldt, Tickboken, Sveriges Mykologiska Förening, Stockholm: 2003, ISBN 91-86586-07-6 Norske Poresopper - eige avsnitt for støvkjuke eit stykke ned på sida.

Kategori:Mjølkekjuker Kategori:Brunrotesoppar Kategori:Sopp i Noreg