Bismarckøyane eller Bismarckarkipelet er ei gruppe øyar utanfor nordaustkysten av Ny-Guinea i det sørvestlege Stillehavet. Øygruppa høyrer til Papua Ny-Guinea. Dei fleste øyane er av vulkansk opphav, og er ein del av Eldringen i Stillehavet.
Dei største øyaneer New Britain, der ein òg finn den største byen, Rabaul, New Ireland, Admiralty Islands og Lavongai.
Øyane blei fyrst folkesette for 30 000–40 000 år sidan. Seinare er det funne spor etter Lapita-kulturen.
Den fyrste europearen som vitja øyane var nederlandske Wilem Schouten, som kom hit i 1616.
Øygruppa blei tysk koloni i 1885, og fekk namn etter den tyske kanslaren Otto von Bismarck. Bismarckøyane blei okkupert av Australia i 1914, under fyrste verdskrigen. Etter krigen blei dei gjort til eit australsk mandat. Under andre verdskrigen blei dei okkupert av japanske styrkar. I 1975 blei øyane del av staten Papua Ny-Guinea.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bismarckarkipelet» frå , den 14. oktober 2019.
Kategori:Øyar i Papua Ny-Guinea Kategori:Melanesia Kategori:Oppkallingar etter Otto von Bismarck