Jaroslava Jehličková () er ein tsjekkisk tidlegare mellomdistanseløpar frå Hořice som representerte Tsjekkoslovakia. Ho vart den aller fyrste internasjonale meisteren på 1500 meter då ho i 1969 vann gullmedaljen under europameisterskapen i friidrett på verdsrekordtida 4.10,7.
Aktiv Jehličková vart tsjekkoslovakisk meister på 800 meter i 1966 og på ny i 1968. Ho deltok på distansen ved Sommar-OL i Mexico-byen, der utslått i semifinalen. I 1969 kom 1500 meter på tevlings-programmet for kvinner for fyrste gong i internasjonale meisterskap. Jehličková vart den fyrste nasjonale meisteren på 1500 m, i ein meisterskap ho vann 800 meter for tredje gong. Til europameisterskapen i Aten kom ho med ein personbeste på 1500 m på 4.20,2. EM-finalen gjekk i stor fart med favorittane Paola Pigni frå Italia og Maria Gommers frå Nederland i tet då klokka ringde. På den siste runda tok Jehličková seg forbi fleire løparar og sprang fyrst i mål på ny verdsrekord 4.10,7.
Jehličková tevla ikkje i 1970-sesongen. I 1971 kopierte ho dobbeltsigeren på 800 og 1500 meter i den tsjekkoslovakiske meisterskapen. Ho kvalifiserte seg til 1500-finalen ved EM i Helsinki der ho enda på sjuandeplass, i ei tevling Karin Burneleit frå Aust-Tyskland forbetra Jehličková sin verdsrekord med over eit sekund. OL-sesongen 1972 tok Jehličková sin sjuande nasjonale meistertittel då ho sigra på 1500 m. Same sesongen forbetra ho sitt personbeste på 800 m til 2.04,7. Under dei olympiske sommarleikane i München gjorde ho unna sin aller raskaste 1500 m på tida 4.08,3 i forsøket. I semifinalen gav ho opp og vart sist i feltet.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1968 i Mexico-byen: Utslått i semifinalane på 800 m (2.13,5=nr 15) EM 1969 i Aten: Gullmedalje på 1500 m – 4.10,7 EM 1971 i Helsinki: Nr 7 på 1500 m – 4.14,7 OL 1972 i München: Utslått i semifinalane på 1500 m (4.18,1=nr 18)
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Jaroslava Jehličková» frå , den 17. oktober 2019.
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Jaroslava Jehličková» frå , den 17. oktober 2019.
World Athletics
Kategori:Tsjekkiske friidrettsutøvarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tsjekkoslovakia Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972