The Snow Goose er det tredje studioalbumet til bandet Camel, utgjeve i 1975. Etter at dei fekk god kritikk for «The White Rider»-suiten (basert på J.R.R. Tolkien sin Ringdrotten for det førre albumet sitt, Mirage frå 1974), vart gruppa inspirert til å skrive meir romaninspirert musikk.
Innspelinga Bandet vurderte fleire romanar å basere det neste albumet sitt på. Ei stund hadde dei planar om å gå for Siddhartha av Hermann Hesse, og somme songar vart skrivne før dei skrinla ideen til fordel for Paul Gallico-romanen The Snow Goose. Namnet på albumet, som opphavleg var The Snow Goose, vart endra til Music Inspired by The Snow Goose etter at Paul Gallico truga med søksmål.Camel - The Snow Goose (1975) album review at Magenta.co.il Albumet skulle opphavleg ha tekstar basert på tekstane til Gallico, men dette gjekk dei bort frå på grunn av brot på opphavsretten. Musikken vart i hovudsak skriven i løpet av fjorten dagar i ei hytte i Devon i England.
Innspelinga tok til i januar 1975 i Island Studios i London med produsenten David Hitchcock og lydteknikaren Rhett Davies. Seinare vart det lagt til ekstra lydspor i Decca Studios med lydteknikaren John Burns. The London Symphony Orchestra deltok på innspelinga med arrangement av David Bedford.
Frakken på omslaget vart nytta av Andrew Latimer og Doug Ferguson på «Epitaph» for å simulere venger i lufta.
Albumet kom ut i april 1975 og nådde til slutt 22. plassen på den britiske albumlista den sommaren. Han låg 13 veker inne på lista og selde til sølvplate. I USA kom albumet ut i juli og nådde 162. plassen. Albumet vart òg ein kritikarsuksess og selde godt i Europa og Japan. I 2014 vart det kåra til det 31. beste progalbumet gjennom tidene av lesarane av magasinet Prog.
2013-utgåva The Snow Goose vart spelt inn på ny i mai 2013 og gjeve ut i november som ei hyllest til originalbesetinga. Innspelinga låg tett til originalarrangementet.
Konsertversjonar
Suksessen til albumet førte til ein utseld konsert i Royal Albert Hall i London med London Symphony Orchestra i oktober 1975, som seinare kom ut som ein del av eit dobbelt konsertalbum, A Live Record (1978). Melody Maker erklærte Camel å vere «det lysaste håpet» i Storbritannia og dei fekk spele på The Old Grey Whistle Test på BBC, der dei framført ein medley av «Snow Goose» og på radioprogrammet In Concert. For å marknadsføre albumet valde Decca å gje ut ein forkorta versjon av «Flight of the Snow Goose/Rhayader» som singel i mai.
Camel la ut på ein kort turné hausten 2013, der dei framførte heile The Snow Goose for første gongen sidan konserten i Royal Albert Hall i 1975. Andrew Latimer fekk med seg Colin Bass, Denis Clement, Guy LeBlanc og Jason Hart for denne turneen.
Innhald Alle songar av Peter Bardens og Andrew Latimer.
Bonusplate på japansk utgåve frå 2009.
Spor 1–11 er konsertopptak frå BBC Radio One-konsert i 1975
Medverkande
Camel Andrew Latimer – elektrisk og akustisk gitar, slidegitar, fløyte, vokal (spor 8) Peter Bardens – orgel, elektrisk piano, akustisk piano, pipeorgel, Minimoog, ARP Odyssey Doug Ferguson – bass, frakk Andy Ward – trommer, vibrafon, perkusjon
Produksjon David Bedford – orkesterarrangement Rhett Davies – lydteknikar Modula – design
Salslister Liste Plassering
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Snow Goose» frå , den 8. november 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Camel-album Kategori:Decca Records-album Kategori:Konseptalbum Kategori:Album produserte av Dave Hitchcock