mini|Fire ulike tibetanske skriftstilar. Teksten tyder «Fri Tibet». mini|Skilt med mongolsk, tibetansk, kinesisk og mandsjurisk skrift i Lamatempelet i Beijing. Tibetansk skrift er ein abugida som høyrer til dei nordindiske skriftsystema. Den tibetanske skrifta blir brukt i Tibet og i Bhutan. Det er denne skrifta dei heilage tekstane til dei tibetanske munkane er skrive i. Som for alle indiske skriftsystem har kvar staving ein inherent vokal «a» (ka, kha, ga og så bortetter), som via diakritiske teikn blir endra til andre vokalar (ki, khi, ghi osb.).
Historie
Den tibetanske skrifta blei lånt inn frå indarane og skal ha blitt tilpassa tibetansk av Songtsän Gampo etter ordre frå den tibetanske kongen Songtsän Gampo på 600-talet. Skrifta stamma frå brahmi og guptaskrift, og det samtidige skriftsystemet khotanesisk skrift kan også ha fungert som inspirasjonskjelde.
Den eldste utforminga (ductus) av denne skrifta, dbu can (‘med hovud’) frå 600-talet, er den som er i bruk i trykte versjonar av skrifta i dag. Ho liknar ganske mykje på Gupta-inskripsjonane. Utforminga dbu med (‘utan hovud’) oppstod fyrst på 1100-talet. Skilnaden mellom dei to er at dbu can har ei overline (eit hovud), og denne lina manglar hos den litt meir kursive dbu med.
Den offisielle ortografien blei standardisert tidleg på 800-talet og har ikkje endra seg sidan, trass i store endringar i talespråket. Såleis er det store skilnader mellom stavinga, som byggjer på klassisk tibetansk, og uttalen av moderne tibetanske dialektar, særleg standardtibetansk, som byggjer på Lhasa-dialekten. Til dømes finst det ei rekkje konsonantar og konsonantklynger som anten er stumme eller som blir uttalte forskjellig enn det stavemåten tilseier.
Som det går fram av ved å samanlikne skriftteikna, må teikna for ts etc. vere danna av c etc., og også ein del andre teikn må vere sekundære. På eit seinare tidspunkt blei det danna teikn for retroflekse lydar ved å spegelvende teikna for dentalar, for å vere i stand til å skrive sanskrit.
Den tibetanske skrifta har i sin tur vore opphav til skriftsystema lepcha, limbu og 'phags-pa.
Konsonantskjema
Det tibetanske skriftsystemet består av 30 konsonantar, som etter lingvistiske kriterium kan bli ordna på denne måten (dermed er dei også ordna i sorteringsrekkjefølgje, eller «alfabetisk» viss dei blir lesne line for line:
Det tibetanske konsonantskjemaet Spalte 1Spalte 2Spalte 3Spalte 4Line 1 K ཀKH ཁG གNG ངLine 2 C ཅCH ཆJ ཇNY ཉLine 4 T ཏTH ཐD དN ནLine 5 P པPH ཕB བM མLine 6 TS ཙTSH ཚDS ཛW ཝ Spaltane gjeld berre hit Line 7a ZH ཞZ ཟ' འLine 7b Y ཡR རL ལLine 8 SH ཤS སH ཧA ཨ
Kommentarar til den manglande line 3 står nedanfor under avsnittet om framandord.
Vokalteikn
Vokalane i tibetansk er a, i, u, e, o. Som i andre indiske skriftsystem inneheld konsonantteikn ein inherent a, og dei andre vokalane er uttrykte med diakritiske teikn, slik: ཀ ka, ཀི ki, ཀུ ku, ཀེke, ཀོ ko. Det tibetanske skriftspråket skil ikkje mellom lang og kort vokal, bortsett frå i lånord frå sanskrit, som er transkriberte på ein spesiell måte.
Fristtåande Diakritisk Wylie Pinyin IPA ཨ (ingen) a a, ai/ä [a], [ɛ] ཨི ི i i [i] ཨུ ུ u u, ü [u], [y] ཨེ ེ e ê [e] ཨོ ོ o o, oi/ö [o], [ø]
Staving mini|portrett=1.5|Oppbygginga av ei tibetansk staving.
Grunneininga i den tibetanske ortografien er stavinga, som i skrifta alltid blir avslutta med eit stavingsslutteikn (tsheg). Teiknet ser ut som ein liten likesida trekant (med spissen ned) (་), eller som ein T.
I translitterering av tibetansk blir tsheg ikkje vist direkte, men som bindestrek eller ordslutt (mellomrom, skiljeteikn).
Inni stavinga (dvs. mellom to tsheg-teikn, eller frå tekststart til første tsheg) står den skriftlege framstillinga av stavinga, som består av eit konsonantteikn for stavingsframlyden, vokalen (anten eit diakritisk teikn eller inherent a for stavingskjerne) og eventuelt eit nytt konsonantteikn for stavingsutlyd. Konsonantar i utlyd har ikkje vokal etter seg (og ikkje inherent vokal), noko som går fram av tsheg-teiknet.
Framlyd mini|Mantraet «om mani padme hum» med tibetanske bokstavar i ulike fargar. Av dei 30 konsonantane er det mogleg å danne fleire ulike grafem med hjelp av subskripsjon (underskriving), superskripsjon (overskriving) og preskripsjon (framforskriving), og ulike samanskrivingar. Alle dei 5 vokalane kan kome etter desse grafema. For å illustrere blir grunnbokstaven (som får ein sub-, super- eller preskript etter seg) skrive med stor bokstav.
Subskripsjon
Bokstavane y, r og l kan bli skrive under mange grunnbokstavar i stavingsutlyd, dermed endrar y og r form. (l held på forma si, men blir litt mindre.) Dei 7 grafema med subskribert y (dei blir kalla ya btags) blir translitterert ky, khy, gy, py, phy, by og my. Dei 14 grafema med subskribert r (ra btags) blir translitterert kr, khr, gr, tr, thr, dr, nr, pr, phr, br, mr (som del av grafemet smr), shr, sr og hr. Dei 6 grafema med subskribert l ( la btags) blir translitterert kl, gl, bl, zl, rl og sl. Grunnbokstavane c, ch, j og ny og ts, tsh, ds og w kan ikkje få subskript.
Superskripsjon Bokstavane r, l og s kan bli skrivne over mange grunnbokstavar i stavingsutlyd, mange av dei kan også få ulike subskrberte konsonantar. Dermed endrar r form, l og s blir litt mindre. Desse superskripta kjem borti hovudlina, og grunnbokstavane blir skrivne litt under lina. Superskribert r (ra mgo) dannar grafema rk, rg, rng, rj, rny, rt, rd, rn, rb, rm, rts og rds. Grunnbokstavane k, g og m kan også få ein subskriberte y. Hos rk, rg, rn og rm held den blirikale delen av heva skrift fram i ein tilsvarande linje av grunnbokstaven. I rny blir forma på r nesten uendra; overalt elles likner ho på den latinske T. Superskribert l ( la mgo) dannar grafema lk, lg, lng, lc, lj, lt, ld, lp, lb og lh. Dei kan ikkje ta subskript. Superskribert s ( sa mgo) dannar grafema sk, sg, sng, sny, st, sd, sn, sp, sb, sm og sts. Grunnbokstavane k, g, p, b og m kan ta subskript y og r. No og då finn vi også snr. Med unntak av lh har grunnbokstavane som kjem etter w i sorteringsrekkjefølgja (nemleg zh, z, ’, y, r, l, sh, s, h og «konsonantisk a») ikkje superskript.
Preskripsjon
I visse tilfelle kan bokstavane g, d, b, m og ’ bli sett før grunnbokstaven i framlyd. Denne grunnbokstaven kan også få ulike super- og subskript. Dei preskriberte bokstavane er uforandra i storleik og form. I translitterasjon blir preskriberte konsonantar sett til venstre for grunnbokstaven: Preskribert g kan stå før desse grunnbokstavane (som alle kan ha super- og subskript): c, nz, t, d, n, ts, zh, z, y, sh og s. Dermed må g til grunnbokstaven y bli translitterert som «g.y» for «gy» utan punktum betyr grunnbokstav g med subskribiert y. Preskribert d kan stå før desse grafema: k, g, p, b (alle fire kan også ha y eller r som subskript), ng, m og ny. Det er umogleg å ha grunnbokstav med preskript d viss han har superskript. Preskribert b kan stå før desse grafema: k (y r l), rk (y), sk (y r), g (y r), rg (y), sg (y r), rng, sng, c, rj, rny, sny, t, rt, lt, st, d, rd, sd, rn, sn, rts, sts, rds, zh, z (l), rl, sh og s (l). I parantes står dei subskripta som kan (men ikkje må) stå til grunnbokstaven. For brl er r grunnbokstav, for berre b kan stå som preskript for ein grunnbokstav som har ein super- eller subskript på same tid. Preskribert m kan stå før kh, g, ng, ch, j, nz, th, d, n, tsh og ds. kh og g kan også ta subskript y eller r. a chung (’) kan stå som preskript før alle grunnbokstavane i spalte 2 og 3 ( kh, g, ph og b kan også ha subskript y og r) og før thr og dr.
Tibetansk skrift i Unicode
Tibetansk skrift er representert i Unicode, skriftteikna har desse kodeverdiane (tittelen over kolonnane er siste siffer i talverdien, dei to første teikna på første line har t.d. talverdi F100, F101)
Sjå også
Tibetansk Wylie-translitterering
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Tibetische Schrift» frå , den 25. juni 2006.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tibetansk språk Kategori:Abugidaer Kategori:Indiske skriftsystem Kategori:Utvalde artiklar 2026