Moskvatesene var nemninga mykje bruka i Noreg om dei 21 vilkåra gjevne i 1920 av Vladimir Lenin for parti som ville vera med i den Tredje Internasjonalen (Komintern), som vart skipa i 1919 etter oktoberrevolusjonen i Russland i 1917.
Medlemspartia måtte:
Drive aktiv propaganda for kommunistiske idéar. Fjerne reformistar og sentristar frå maktposisjonar i arbeidarrørsla. Kombinere legale og illegale kampmetodar i land med antikommunistiske lover. Styre aktivitetane til parlamentsmedlemmene sine. Avvise pasifisme og godta væpna kamp som verkemiddel. Støtte nasjonale frigjeringsrørsler i koloniane. Sikre at tilslutta fagorganisasjonar var med i den «raude» (kommunistiske) faglege internasjonalen i Moskva og ikkje den «gule» (sosialdemokratiske) i Amsterdam. Å innføre «demokratisk sentralisme» i partiorganisasjonen (det vil seie den bolsjevikiske partimodellen). Støtte alle eksisterande sovjet-republikkar. Revidere partiprogramma sine etter politikken vedteken i Internasjonalen. Godta alle vedtak i Internasjonalen som bindande for eige parti. Ekskludere (utestengje) alle medlemmer som røysta imot nokon av dei 21 vilkåra, eller om fleirtalet i det eigne partiet røysta imot, bryte ut og skipe eit nytt parti. Ta namnet «Kommunistisk Parti».
Desse vilkåra skapte stor strid i mange parti som hadde slutta seg til Komintern, mellom dei Det norske Arbeidarpartiet. Da Martin Tranmæl fekk fleirtalet med seg på å godta tesene, førte det til at dei konsekvent demokratiske sosialistane braut ut og skipa Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti i 1921. Likevel var det framleis uro i DNA om tesene, blant anna ville ein konsekvens av den demokratiske sentralismen vera at den kollektive medlemskapen av fagforeiningar i DNA måtte gjevast opp, og det lika "tranmælittane" dårleg. I 1923 braut så DNA ut av Komintern, men rekna seg framleis fram til 1927 og samlinga med NSA som eit kommunistisk parti og ein sympatiserande organisasjon. Same året, i 1923, vart Norges Kommunistiske Parti skipa, som medlemsparti i Komintern.
Sjå au
Leninisme Bolsjevisme Kommunisme
Kategori:Kommunisme Kategori:Arbeidarhistorie Kategori:Norsk arbeidarhistorie