Focus er eit nederlandsk, progressivt rockeband skipa i Amsterdam i 1969 av klaverspelaren, vokalisten og fløytespelaren Thijs van Leer. Bandet har hatt fleire inkarnasjonar gjennom historia si. Sidan desember 2016 har bandet bestått av van Leer, trommeslagaren Pierre van der Linden, gitaristen Menno Gootjes og bassisten Udo Pannekeet. Tidlegare medlemmar har vore gitaristen Jan Akkerman, trommeslagaren Hans Cleuver og bassistane Martijn Dresden, Bert Ruiter og Bobby Jacobs. Dei har seld ein million plater i USA.

Etter Akkerman kom inn i rocketrioen til van Leer seint i 1969, fekk bandet namnet Focus og spelte i den nederlandske produksjonen av rockemusikalen Hair. Debutalbumet deira Focus Plays Focus (1970) selde dårleg, men oppfølgjaren Moving Waves (1971), og singelen «Hocus Pocus», vart ein internasjonal hit. Suksessen deira fortsette med Focus 3 (1972) og Hamburger Concerto (1974), førstnemnde med den andre hitsingelen deira, «Sylvia». Etter ytterlegare to album spelte inn med forskjellige musikarar, vart Focus oppløyst i 1978. Dei kom saman att i 1985, 1990, 1998 og 2002.

I 2002 starta van Leer opp att Focus med ei ny besetning. Albuma Focus 8 (2002), Focus 9 / New Skin (2006) og Focus X (2012) fekk god mottaking og Focus har halde fram å spele verda over. Det nyaste albumet deira er Focus 11 (2018). Dei fekk fornya interesse etter at Nike brukte «Hocus Pocus» i ein reklame for verdsmeisterskapen i 2010. Focus har vore ei av dei mest suksessrike og viktige rockebanda frå Nederland.

Historie

1969–1970: Skipinga mini|Thijs van Leer, som skipa Focus, i 1971. Focus vart skipa i midten av 1969 av klaverspelar, vokalist og fløytespelaren Thijs van Leer, som fekk med seg bassisten Martijn Dresden og trommeslagaren Hans Cleuver etter å ha møtt dei på ei innspeling for radioprogrammet Jazz and Poetry i Hilversum i Nederland. I lag skipa dei tre eit nytt tremannsband som i starten vart kalla Thijs van Leer and the Rebaptised, og spelte stort sett coversongar av Traffic og originale songar som stort ett var skrivne av van Leer. Under øvingar i november 1969 der van Leer spelte som ein del av teatergruppa til Ramses Shaffy, fekk dei med seg gitaristen Jan Akkerman frå rockebandet Brainbox etter at Shaffy inviterte han til å spele med trioen. Van Leer fortalte seinare om denne episoden: «Jan kom inn og med jamma i fleire timar og det var verkeleg bra.» Dei tok så namnet Focus for det nye bandet. Akkerman sa seinare «Focus er eit latinsk ord om tyder et same på mange språk. Det tyder konsentrasjon som er det Focus gjer». Den første konserten deira som Focus følgde så på Bird's Club i Rembrandtplein, og dei fekk kort tid etter ein fast spelejobb der med to konsertar kva på to dagar i veka. Tidleg spelte dei hovudsakleg coversongar, mellom andre «I Shall Be Released» av Bob Dylan, «A Whiter Shade of Pale» av Procol Harum og «Nights in White Satin» av The Moody Blues, blanda med originale songar, som songen van Leer skreiv med tanke på gruppa, instrumentalen «Focus».

På leit etter meir arbeid og ei fast inntekt, valde Focus å spele i orkestergrava for den nederlandske rockemusikalen Hair, produsert av den walisiske skodespelaren Victor Spinetti. Dei vart invitert til prøvespeling i Victoria Ballroom i London etter den nederlandske tekstforfattaren Lennaert Nijgh føreslo dei for Del Newman, regissøren for musikalen. Skodespelaren Robin Lent hevda at produksjonen var svak og at Focus, som berre var der for å tene pengar «òg var ganske rustne, men dette endra seg etter kvart og alle kom inn i det». Showet hadde premiere i desember 1969 og gjekk seks kveldar i veka, slik at bandet kunne øve gratis og ha utstyret sitt der. Eit album med musikken vart spelt inn i februar 1970 og kort tid etter gjeve ut på Polydor Records.

Etter Hair var over i juni 1970, avslo Focus eit tilbod om å turnere med musikalen i Nederland i eit og eitt halv år, og vart i staden eit fulltidsband. Dei hadde fått fleire lokale konsertar og andre konsertar rundt om i landet, og heldt dei første konsertane sine utanlandsk i Belgia og Spania. Med konsertane og inntektene frå Hair, hadde bandet 400 gylden, men Akkerman hugsa at gruppa var raske med å bruke det opp. Cleuver fekk i oppgåve å passe betre på økonomien til bandet.

1970–1971: Debutalbum, «House of the King» og besetningsendringar I 1970 fekk Focus kontakt med Hubert Terheggen, direktør i Radio-Tele-Music Belgium-Holland, musikkforlagsavdelinga til Radio Luxembourg, gjennom kontaktar hos faren til Dresden. Terhegen likte musikken deira og signerte dei til produksjonsselskapet sitt, og sikra dei distribusjonsavtalar verda over. Han leigde så studiotid for dei slik at dei kunne spele inn det første albumet sitt, som fann stad i januar 1970 i Sound Techniques i Chelsea i London i friperiodar frå Hair. Resultatet vart Focus Plays Focus, betre kjend under den internasjonale tittelen In and Out of Focus, der Terheggen står oppført som produsent og Jerry Boys lydteknikar. Ei blanding av popaktige songar og instrumentalar vart spelte inn for albumet. Van Leer syns vokalen hans sleit sidan han song engelske tekstar med ein aksent, noko som inspirerte bandet til å bli sterkare instrumentalt.

Etter å ha spelt inn Focus Plays Focus, sleit bandet med å finne eit selskap som var villig til å gje det ut. Lukka deira endra seg då dei hadde spelt inn «House of the King», ein instrumental av Akkerman. Focus-biografen Peet Johnson skriv at songen var inspirert av konserten deira på musikkonkurransen Barbarela de Conjuntos på Mallorca den 11. juni 1970, der utgåva deira av Concierto de Aranjuez av Joaquín Rodrigo i finalen gjekk over 15-minuttarsgrensa, og førte til at kablane deira vart drege ut av. Focus tok hemn ved at van Leer spelte fløyte for publikum, medan resten av gruppa knuste garderoben, før dei vart arresterte og måtte vere ei natt i fengsel. Van Leer hevda Akkerman kom opp med sporet dagen etter dei vart arrestert, men gitaristen sa sjølv han skreiv songen «på eit fjell med ei vakker, spansk flyvertinne ... på om lag fem minutt». Focus spelte songen utan løyve frå manageren sin ein kveld i Heemstede, men han nådde likevel folk hos Imperial Records som meinte han var sterk nok til å bli ein hitsingel og signerte kontrakt med gruppa.

Focus Plays Focus kom ut i september 1970, åtte månader etter han vart spelt inn. «Why Dream» og «Happy Nightmare» kom ut som den første singelen deira i Nederland. Albumet kom ut i Amerika i oktober på Sire Records, som hadde sikra rettane til den internasjonale distribusjonen til bandet. Dei la til «House of the King» til albumet.In and Out of Focus: The Music of Jan Akkerman & focus at Google Books. Før dei signerte Focus, hadde grunnleggjaren av Sire, Seymour Stein, flydd til Nederland for å sjå bandet spele: «Dei var utan tvil det mest originale bandet eg nokon gong hadde høyrt». Sjølv om albumet selde dårleg, fekk Fokus den første Edisonprisen sin, og i januar 1971 gjekk singelen «House of the King» til tiandeplassen på singellista i heimlandet.

Seint i 1970 var Akkerman vorte stadig meir misnøgd med jobben Cleuver og Dresden gjorde som rytmeseksjon og sakna den tidlegare bandkollegaen sin i Brainbox, trommeslagaren Pierre van der Linden. Han meinte paret sleit med å skape sin eigen identitet eller musikalitet i musikken. Akkerman kom så med eit ultimatum til van Leer der han truga med å slutte om ikkje han fekk Cleuver og Dresden til å dra. Van Leer nekta å sparke dei to han hadde starta bandet med og bad Akkerman dra. Dette skulle føre til mykje krangling mellom dei to framover. Cleuver kjende panikken frå Imperial sidan dei visste at «House of the King» kom til å bli ein hit og ønskte at van Leer og Akkerman skulle halde i lag. Situasjonen nådde Terheggen, som bad Yde de Jong om å bli manageren til Focus om han klarte å halde bandet saman. Etter seks veker med forhandlingar gjekk van Leer sin veg og slo seg saman med Akkerman, van der Linden, den nye bassisten Cyril Havermans, som hadde spelt på det andre soloalbumet til Akkerman, Profile, med vilkår om at gruppa skulle halde fram som Focus.

Med den nye besetninga overtydde Stein den engelske produsenten Mike Vernon om å sjå bandet spele i Nederland seint i 1970. Vernon var ikkje så imponert over det første albumet deira, men likte konsertane deira: «Eg kunne ikkje stoppe å snakke om dei eller tenkje på dei! Dei var formidable ... krafta til Jan og Thijs aleine gav meg hjartebank». Vernon gjekk så med på å produsere det neste studioalbumet deira.

1971–1972: Moving Waves og gjennombrot Etter øvingar i Groeneveldborga i Baarn spelte bandet inn Focus II, som fekk den internasjonale tittelen Moving Waves i april og mai 1971 i Sound Techniques og Morgan Studios i London. Her gjekk bandet inn i progressiv rock med element av jazzfusion og klassisk musikk i lange stykke og soloar. Akkerman endra lyden sin og gjekk bort frå ein Gretsch White Falcon til ein Gibson Les Paul Custom frå 1957 slik at han kunne «'syngje' på gitaren» for å kompensere for den svake vokalen til gruppa. Opningssporet, «Hocus Pocus», vart ein av dei mest kjende songane deira, med eit attkjennande gitarriff og jodlinga, plystring og tullevokalen til van Leer som utvikla seg gjennom ein improvisert jam. Akkerman skreiv «Janis» som ei hyllest til Janis Joplin, og avslutningssporet «Eruption» strekkjer seg over 23 minutt og er delt inn i fleire delar inspirert av operaene Orfeo ed Euridice av Christoph Willibald Gluck og L'Orfeo av Claudio Monteverdi, med ein kombinasjon av rock, jazz og klassisk musikk.

Moving Waves kom ut i oktober 1971 og vart det internasjonale gjennombrotet deira og nådde andreplassen i Storbritannia, fjerdeplassen i Nederland, og åttandeplassen i USA. For albumet fekk Focus Conamus eksportprisen, den andre Edisonprisen, og selde til gullplate i dei tre nemnde landa. Medverkande til suksessen var singelen «Hocus Pocus», som kom ut i Nederland i juli 1971 og nådde 12. plassen der og synte bandet for eit nytt publikum. Han nådde 20. plassen i Storbritannia i januar 1973.

Mellom innspelinga og utgjevinga av Moving Waves vart det endringar i besetninga til Focus. Kort tid før ein turné i Frankrike i juli 1971, slutta van der Linden ei kort stund i bandet då han fann ut at van Leer og Akkerman fekk betre betalt enn han sjølv. Han vart erstatta av den yngre broren til Akkerman, den 19 år gamle Jacob «Cocky» Akkerman, før skilnaden vart løyst og van der Linden heldt fram på trommer. Havermans slutta så i september 1971 etter å ha gjeve beskjed i juni. Han ønskte å syngje på fleire songar, men kunne ikkje det i gruppa og satsa på ein solokarriere i staden.. Dei attverande medlemmane kom saman med bassisten att i USa tidleg i 1973 for å spele på det første soloalbumet hans, Cyril. Focus fann ein ny bassist i Bert Ruiter, som tidlegare hadde øvd med van der Linden før ein konsert i Texel i juni 1971 og drog for å sjå konsertar med bandet kring ti gonger etter det. Han vart invitert av trommeslagaren til å prøvespele med bandet og vart så fulltidsmedlem.