I maorisk mytologi er Arawa ein av dei store, havgåande kanoane som vart brukt under folkeflyttingane som førte til busetnad på New Zealand. Kanoen var laga av eit stort tre i Rarotonga,Då «Rarotonga» er ein type ord som førekjem heller vanleg i polynesiske språk, og at det elles òg er eit stadnamn i New Zealand, skal ein ikkje utan vidare gå ut frå at dette er det same som Rarotonga på Cookøyene. ein stad «som ligg på den andre sida av Hawaiki» (Grey 1956:107). Kanoen høyrde til Tama-te-kapua, sonen til Houmai-tawhiti. Etter at far og bror hans hadde vortne drepne i ei rekkje kampar mellom familien hans og overhøvdingen Uenuku, samla Tama familien sin, alle eignelutene sine, kidnappa Ngatoro-i-rangi, navigatøren på Tainuikanoen (kanoen til ein annan maoristamme) og segla av stad i Arawakanoen. Arawa landa på New Zealand, nær Cape Runaway. Då Tama døydde, vart han gravlagd på toppen av Mount Moehau i den nordlege spisen av Coromandel Range. Dei moderne etterkomarane til Arawanybyggjarane bur i Bay of Plentyregionen på Nordøya.

Referansar R.D. Craig, Dictionary of Polynesian Mythology (Greenwood Press: New York, 1989), 24. G. Grey, Polynesian Mythology, illustrert utgåve, ny utgåve 1976. (Whitcombe and Tombs: Christchurch) 1956.

Fotnotar

Kategori:New Zealand Kategori:Maorimytologi Kategori:Mytologiske båtar