Focus con Proby er det sjuande studioalbumet av det nederlandske rockebandet Focus, gjeve ut i 1977 på EMI Records. Det inneheld fem spor med vokal frå den amerikanske songaren P.J. Proby. Andre musikarar på plata er gitaristane Eef Albers og Philip Catherine, trommeslagaren Steve Smith, i tillegg til to Focus-medlemmar frå tidlegare album.

Mottaking I ei middels melding i Richmond Review skreiv Bob Beech at han føretrekte dei instrumentale spora føre songane med vokal. Han meinte at røysta til Proby var meir dempa enn på dei tidlegare innspelingane hans, som han føretrekte, men meinte dette ikkje passa inn på eit Focus-album. Brian Brennan skreiv i Calgary Herald at medan Albers var ein «dugande musikar» så levde han ikkje opp til standarden til den tidlegare Focus-gitaristen Jan Akkerman. Han meinte albumet bestod av «uklåre instrumentalar, utan mål, holt og lite inviterande».

Innhald

Medverkande Musikarar Thijs van Leer – hammondorgel, piano, elektrisk piano, mellotron, synthesiser, fløyte Bert Ruiter – bassgitar Steve Smith – trommer Philip Catherine – akustisk gitar, sologitar, rytmegitar Eef Albers – sologitar, rytmegitar P.J. Proby – vokal på «Wingless», «Eddy», «Brother», «Tokyo Rose» og «How Long»

Produksjon Yde de Jong – produsent

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Focus con Proby» frå , den 15. desember 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Focus-album Kategori:Sire Records-album Kategori:P.J. Proby-album