Orkla Media var den delen av Orkla-konsernet som av engasjert i drift av medieverksemder, no Edda Media. Selskapet vart ein av tre store medieeigarar i Noreg i 1990-åra og litt ut på 2000-talet. Dei to andre var A-pressen og Schibsted.

Orkla Media eigde mange verksemder innan dagspresse, vekepresse, elektronisk publisering, lokalradio/-fjernsyn og rein marknadsføring i mest heile Norden (Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Polen, Litauen og Ukraina).

Orkla gjorde si første investering i mediemarknaden då Orkla Industrier kjøpte ein aksjepost i Janco Kabel-TV i 1983. Det første aviskjøpet vart gjennomført året etter, då partiet Høgre selde ut sin eigen aksjepost på 40% i avisa Nordstrand Østre Aker Blad (I dag; Nordstrands Blad). Orkla kjøpte aksjeposten for fire millionar kroner.

Orkla Media har tradisjonelt sett kjøpt opp medieverksemder i Austlandsområdet.

Mecom 28. juni 2006 vart det gjort kjend at styret i Orkla Media ville selje konsernet til det britiske selskapet Mecom - til sterke protestar frå tillitsvalde i heile konsernet. Dei tilsette frykta at utanlandsk oppkjøp ville føre til kraftige innstrammingar og nedbygging av medieverksemdene i konsernet.

Aviser i Orkla Media-konsernet i 2006

Drammens Tidende Driva Eiker Avis Fjordenes Tidende Fjordingen Fredriksstad Blad Gjengangeren Gudbrandsdølen Dagningen Hamar Dagblad (gratisavis) Haugesunds Avis Indre Østfold Avis Kanalen Kragerø Blad Vestmar Lierposten Lokalavisen Frogner (gratisavis) Lokalavisen St. Hanshaugen (gratisavis) Lokalavisen Groruddalen (gratisavis) Laagendalsposten Moss Avis Nordre Aker Budstikke (gratisavis) Nordstrands Blad (gratisavis) Ringsaker Blad Romsdals Budstikke Røyken og Hurums Avis Sandefjords Blad Sande Avis SarpsborgAvisa (gratisavis) Sunnmøringen Sunnmørsposten Svelviksposten Telen Tønsbergs Blad Ullern Avis/Akersposten (gratisavis) Varden Vikebladet Vestposten Østkantavisa (gratisavis) Østlandets Blad Østlendingen Åndalsnes Avis

Aviser Orkla Media har eigardelar i Budstikka (31,5 %)

Bakgrunnsstoff - Selger ikke ut. N24.no, 11. mai 2005 Orkla Media selges til Mecom . Dagbladet.no, 28. juni 2006

Kategori:Norske medieføretak