Somme-offensiven var eit slag under den første verdskrigen. Slaget, som gjekk føre seg i det franske departementet Somme, starta den 1. juli 1916 og vart avblåst i november same år. Det er rekna at over 1 million soldatar vart drepne i slaget — over 400 000 britar, 200 000 franskmenn og 500 000 tyskarar. På fire og en halv månad hadde dei allierte berre rykt fram 12 kilometer. Slaget er i etterkant stort sett rekna som meiningslaust, sjølv om somme krigshistorikarar i nyare tid meiner at det kan ha vore dette som førte til øydelegginga av den tyske krigsmaskinen.
Kjelder
Aftenposten Radioprogrammet Verden på lørdag, 30. juni 2006
Bakgrunnsstoff
Kategori:Slag under fyrste verdskrigen Kategori:Franske slag Kategori:Hendingar i 1916