Flåklypa Grand Prix er eit eventyrspel utvikla av Ravn Studio. Det er basert på filmen under samme namn frå 1975 og er skildra som ei nyutgåve av PC-spelet frå 2000, som også vart utgjeve til Nintendo DS i 2010. Den nye utgåva av spelet har mellom anna tredimensjonale modellar og meir avansert grafikk.

I 2018 fekk spelet to millionar kroner i utviklingsstønad frå Norsk Filminstitutt. I juli same året vart ein innsamlingskampanje lansert på Startskudd.no, som samla inn over 600 000 kroner. Spelet hadde opphavleg planlagd utgjeving i 2019, som seinare vart utsett til 2020. I april 2020 vart det kunngjort at Zordix Publishing skulle stå for publiseringa av spelet i 2021. Flåklypa Grand Prix vart til slutt utgjeve den 4. november 2021 til Nintendo Switch og Microsoft Windows via Steam, med ei planlagd komande utgåve til Mac.

Spelet fekk positiv mottaking for presentasjonen og nostalgifaktoren, men kritikk for manglande innhald i høve originalutgåva frå 2000.

Sjå òg 2000-dataspelet Flåklypa Grand Prix (til Windows) 2010-dataspelet Flåklypa Grand Prix (til Nintendo DS)

Kjelder

Kategori:Dataspel frå 2021 Kategori:Eventyrspel Kategori:Macintosh-spel Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Windows-spel Kategori:Norske dataspel