mini|Sminkebørstar Børste (frå tysk Bürste) eller boste (frå norrønt bu(r)sti er ein reiskap med bust på som kan brukast til reingjering og jamning. I tillegg til bust har han som regel eit skaft eller handtak. I motsetnad til (feie-)kost er ein børste vanlegvis laga for å haldast i éi hand. Ordbruken er ikkje heilt konsekvent, sidan «kost og brett» ofte viser til ein børste med feiebrett.
Tradisjonelle børstar er gjerne laga med bust frå dyr eller plantefibrar, medan meir moderne versjonar ofte er laga med kunstbust (kunstig bust). Ein viktig del av børsten er skaftet, som kan vera laga av bein, tre, plast eller andre plastliknande materiale.
Bruksområde og funksjonar mini|venstre|Bruk av børste til å reingjera ein statue. mini|Stålbørstar Generelt sett brukar ein børstar til å behandla flater på ein skånsam måte. Dette kan vera harde flater som møblar, golv og andre vanlege gjenstandar eller mjukare flater som hår, pels og stoff. På harde flater skal det ofte fjernast noko, som små partiklar, støv og skit. På mjukare flater kan dette òg vera tilfelle, men når ein børstar hår eller pels er det vanlegvis mest for å gjera det finare og jamnare. Å forandra utsjånaden (eller frisyren) på håret er eit vanleg føremål med å bruka ein børste til. Det finst òg børstar for mindre skånsam bruk: ein stålbørste blir brukt til å fjerna måling, rust eller liknande frå harde overflater.
Typar Nokre børsttypar: Tannbørste Hårbørste Neglebørste Klesbørste Oppvaskbørste Piperensar Skobørste eller skopussbørste Støvbørste Hestebørste
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Børste» frå , den 28. mars 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Reiskapar Kategori:Hygiene