Boston er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Boston. Det vart produsert av Tom Scholz og John Boylan, og kom ut 25. august 1976 i USA på Epic Records.
Bakgrunn Scholz hadde tatt timar i klassisk piano i barndomen og var involvert i musikkmiljøet i Boston i slutten av 1960-åra. Han byrja så å konsentrere seg om demoinnspelingar i kjellaren sin med songaren Brad Delp, og sjølv om den førre gruppa deira, Mother's Milk, hadde fått mange avvisingsbrev frå store plateselskap tidleg i 1970-åra, hamna demolydbandet deira i 1975 i hendene til det CBS-eigde Epic Records, som gav dei kontrakt.
Innspeling Epic ønskte at bandet skulle spele inn plata i Los Angeles med ein plateprodusent, men Scholz var motvillig og ville helle rat plata skulle spelast inn i kjellarstudioet hans, så han leigde Boylan til å kommunisere med selskapet. Scholz lurte selskapet til å tru at bandet spelte inn plata på vestkysten medan mesteparten i røynda vart spelt inn av Scholz i heimen hans i Massachusetts. Albumet er ei komplett gjenskaping av demolydbandet og inneheld songar som var skrivne fleire år tidlegare. Stilen på albumet, som ofte vert omtalt som «Boston-stilen», vart utvikla gjennom kjærleiken Scholz hadde til klassisk musikk, melodiske riff og gitartunge rockegrupper som The Kinks og The Yardbirds, i tillegg til ei rekkje analoge, elektroniske effektar utvikla av Scholz i heimestudioet sitt. Scholz grunnla sidan Scholz Research & Development, Inc. for å marknadsføre mange av nyskapingane han utvikla under innspelinga av albumet.
Utgjeving Albumet kom ut på Epic i august 1976 og selde ekstremt godt. Det braut alle salsrekordar og vart det bestseljande debutalbumet i USA til då.http://www.ra17.com/kbh/info/beatlesriaa-2-htlm. Singlane på albumet, særleg «More Than a Feeling» og «Long Time», vart begge AM og FM-hittar, og nesten heile albumet vart mykje spelt på classic rock-radio. Albumet er blitt omtalt som ein milepåle i 70-talsrock. Albumet har selt 17 millionar eksemplar i USA og 25 millionar verda over.
Innhald Alle songar av Tom Scholz, utanom der ander, er nemnde.
Medverkande Boston Brad Delp – solo- og harmonivokal; akustisk gitar på «Let Me Take You Home Tonight» Tom Scholz – elektrisk gitar, sologitar utanom «Long Time» og «Let Me Take You Home Tonight» , akustisk gitar, clavinet, bassgitar, orgel, design, ommastering, notat i plateomslaget, produsent, lydteknikar Barry Goudreau – rytme- og sologitar på «Foreplay,» «Long Time» og «Let Me Take You Home Tonight» Fran Sheehan – bassgitar Sib Hashian – trommer utanom «Rock & Roll Band» Jim Masdea – trommer på «Rock & Roll Band»
Andre medverkande John Boylan – produsent Warren Dewey – lydteknikar Deni King – assisterande lydteknikar Bruce Hensel – assisterande lydteknikar Doug Ryder – assisterande lydteknikar Steve Hodge – mikseassistent Bill Ryan – ommastering Toby Mountain – ommastering Tom «Curly» Ruff – digital overføring Kim Hart – design Jeff Albertson – fotografi Ron Pownall – fotografi Gary Pihl – fotoredigering Roger Huyssen – illustrasjonar Gerard Huerta – bokstavering Joel Zimmerman – design på nyutgjeving
Salslister
Vekeslister Listes (1976–1977)PlasseringCanada RPM 100 Albums7Den tyske albumlista 4Nederland (Topp 100)11New Zealand (Topp 50)16Sverige (Topp 60)26Storbritannia (UK Albums Chart)11USA Billboard 2003
Singlar ÅrSingelListePlassering1976«More Than a Feeling»US Billboard Hot 10051977«Long Time»US Billboard Hot 100221977«Peace of Mind»US Billboard Hot 10038
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Boston (album)» frå , den 12. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Album produserte av John Boylan Kategori:Album produserte av Tom Scholz Kategori:Boston-album Kategori:Debutalbum frå 1976 Kategori:Epic Records-album Kategori:CBS Records-album Kategori:Album spelte inn i Capitol Studios