Can't Slow Down er det niande studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner og det siste albumet deira til no. Det var det første studioalbumet deira med songaren Kelly Hansen og bassisen Jeff Pilson og det første nye studioalbumet sidan Mr. Moonlight i 1994.Christman, Ed. «Foreigner Comeback to be a Wal-Mart Exclusive». billboard.com. 27. juli 2009. I USA vart albumet først berre til sals hos Wal-Mart, som hadde einerett på salet.
Marti Frederiksen og stesonen til gitaristen Mick Jones, Mark Ronson, var medprodusentar på albumet.Gundersen, Edna. «Foreigner's Triple Play: New, Old and Live». USA Today. 16. juli 2009.
Mottaking
Can't Slow Down gjekk inn på 29. plassen på Billboard 200.Trust, Gary. «Chart Beat Thursday: Barbra Streisand, Foreigner, Jay Sean». billboard.com. 8. oktober 2009. Dei første to singlane frå albumet «When It Comes to Love» og «In Pieces» gjekk begge inn på Billboard's Adult Contemporary-lista.
I 2010 hadde albumet selt til gullplate hos Independent Music Companies Association, som indikerte minst 100 000 selte eksemplar i Europa.
Innhald Alle songar skrivne av Mick Jones, Kelly Hansen og Marti Frederiksen, utanom der andre er nemnde.
Medverkande Foreigner
Kelly Hansen – solovokal Mick Jones – sologitar, piano, korvokal Thom Gimbel – gitar, saksofon, korvokal Michael Bluestein – klaverinstrument, korvokal Jeff Pilson – bassgitar, korvokal Brian Tichy – trommer, perkusjon
Andre musikarar
Marti Frederiksen – gitar, klaverinstrument, perkusjon, korvokal Russ Irwin – klaverinstrument på «Too Late» Jason Bonham – trommer på «Too Late» Ryan Brown – trommer på «Lonely» Jason Paige – korvokal Suzie McNeil – korvokal
Produksjon Produsentar – Marti Frederiksen og Mick Jones (spor 1-12); Mark Ronson (spor 13). Innspelt av Marti Frederiksen Ekstra lydteknikar – Jason Paige Miksing – Anthony Focx and Marti Frederiksen Redigering og mastering av Anthony Focx Kunstnarisk leiar – Hackmart, Inc. Fotografi – Bill Bernstein
Salslister Liste (2009) Plassering Den austerrikske albumlista 58 Den tyske albumlista 16 Den sveitsiske albumlista 26 UK Albums Chart 105 US Billboard 200 29 US Billboard Rock Albums 12
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Can't Slow Down (Foreigner album)» frå , den 21. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2009 Kategori:Foreigner-album Kategori:Album produserte av Mark Ronson Kategori:Album produserte av Marti Frederiksen