Vangsnes er ei bygd, eit kyrkjesokn og ein ferjestad i Vik kommune i Vestland.

Garden Vangsnes har truleg namnet etter Vangsen 'plogskjeret', eit skjer i sjøen utanfor Vangsnes. I eldre tid var det tre klyngjetun på Vangsnes: Indreneset, Midtun og Ytreneset. Stølane til Vangsnes er Kallbakk, Kleivadalen, Endresete, Godstøl og Gjelet. Staden er mest kjend den store statuen av Fridtjof den frøkne, som keisar Wilhelm II av Tyskland fekk sett opp i 1913. «Fridtjof den frøkne på Vangsnes» på NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon mini|venstre|Vangsnes sett frå Holmen i Balestrand. mini|venstre|Fridtjof den frøkne. (Max Unger)Statue på Vangsnes Foto: Nina Aldin Thune mini|Utsikt frå lia oppom Holmen i Balestrand. Vangsnes er neset som stikk ut i Sognefjorden frå høgre. Ferjene på fjorden er på veg mellom Vangsnes i Vik kommune, Hella i Leikanger og Dragsvik i Balestrand kommune. Frå Vangsnes ferjekai går trekant-ferjesambandet Hella-Vangsnes-Dragsvik over til Hella og Dragsvik på nordsida av Sognefjorden.

Kommunesoge Då formannskapsdistrikta vart oppretta i 1837 høyrde Vangsnes sokn til Leikanger. I 1850 vart Balestrand oppretta ved at Leikanger vart deld og Vangsnes vart då del av den nyoppretta Balestrand kommune. Det neste, og til no siste, kommuneskiftet kom i 1964 då Vangsnes vart overførd til Vik. Dag Juvkvam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen på nettstaden til Statistisk sentralbyrå, s. 53/54 Etter grenseendringane i 1964 gjekk kommunegrensene i dette området etter fjorden, slik at Balestrand kommune berre femnde område på nordsida av Sognefjorden, og Vik kommune berre på sørsida.

Vangsnes sokn Vangsnes er eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Vangsnes kyrkje frå 1861.Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Vangsnes kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Den noverande kyrkja erstatta ei stavkyrkje frå 1100-talet.«Kyrkjer i Vik» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

Vangsnes sokn høyrde fram til og med 1849 til Leikanger prestegjeld, då vart Tjugum sokn, Fjærland sokn (Mundal) og Vangsnes sokn skilde ut til det nye Balestrand prestegjeld. Ved kommunegrenseendringa i 1964 vart Vangsnes sokn overførd til Vik prestegjeld.«Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket

Referansar

Bakgrunnsstoff Eldre fotografi frå Vangsnes på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Om Vangsnes sokn på nettstaden til Den norske kyrkja

Kategori:Bygder i Vestland Kategori:Vik kommune Kategori:Sokn i Indre Sogn prosti