«Bloody Well Right» er ein song av det engelske rockebandet Supertramp frå albumet deira Crime of the Century frå 1974. Songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Dreamer» i 1974. Lyttarane i USA føretrekte denne føre A-sida, og «Bloody Well Right» vart gjennombrotet deira i alndet, og nådde 35. plassen på Billboard Hot 100.Supertramp Billboard Hot 100 chart history, Allmusic. Henta 6. november 2011.
Tekst Davies knytte saman opningssporet «School» til «Bloody Well Right» med linja «So you think your schooling is phoney», men i følgje Hodgson var andre samlande trådar utover dette berre i fantasien til lyttaren, så albumet var ikkje eit konseptalbum.
Konsertopptak Songen vart fast på Supertramp-konsertane etter han kom ut og strekte seg ofte over sju minutt. Konsertopptak finst på Paris, Live '88, It Was the Best of Times og Is Everybody Listening?.
Medverkande Rick Davies: Wurlitzer elektrisk piano, akustisk piano, solo- og korvokal Roger Hodgson: elektrisk og akustisk gitar, korvokal Bob Siebenberg: trommer, perkusjon Dougie Thomson: bass John Helliwell: saksofon, korvokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bloody Well Right» frå , den 12. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Supertramp-songar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Songar skrivne av Rick Davies Kategori:Songar skrivne av Roger Hodgson Kategori:Songar produserte av Ken Scott Kategori:A&M Records-singlar