Some Things Never Change er det tiande studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut i mars 1997.
Oversyn Some Things Never Change representerte eit steg attende til den tidlegare stilen deira (før Free as a Bird), med meir organiske innspelingsteknikkar enn på det førre studioalbumet deira. John Helliwell fortalte at «me spelte inn albumet på ein måte som Supertramp ikkje hadde gjort før og det var at alle var i studio i lag og gjorde det meir eller mindre live.»Overall, Rick (22. juli 1997). Summer Tramp , Jam! Music.
Albumet inneheld singelen «You Win, I Lose», som vart ein liten hit i Tyskland og vart ein del spelt på radio i Canada.Stevenson, Jane (25. juli 1997). Supertramp Reunion Was Logical Thing to Do , Jam! Music.
Songen «Live to Love You» har både ein «taklingslyd» frå eit handheldt elektronisk spel, Coleco Electronic Quarterback, i tillegg til «Pop-o-matic bubble»-lydar frå brett spelet Trouble. Denne lyden var henta frå hitten deira «The Logical Song» frå 1979.
Mottaking
Allmusic skreiv at albumet har ein liknande stil og same sterke framføring som i gullåra til bandet, men mangla dei «innrivande, fengande melodiane» frå den tida, og det var derfor berre av interesse for fans av bandet og få andre.
Innhald Alle songar skrivne og sungen av Rick Davies, utanom der andre er nemnde.
Medverkande Rick Davies – klaverinstrument, vokal Mark Hart – gitar, klaverinstrument, vokal John Helliwell – saksofon, blåseinstrument Cliff Hugo – bass Bob Siebenberg – trommer Lee Thornburg – trombone, trompet, korvokal Carl Verheyen – gitar Tom Walsh – perkusjon, trommer på «And The Light»
Andre medverkande Bob Danziger – kalimba Karen Lawrence – korvokal Kim Nail – korvokal Fred Mandel - gitar på «And The Light» (ikkje oppført i omslaget)
Produksjon Produsentar: Jack Douglas, Fred Mandel Leiande produsent: Rick Davies Lydteknikarar: Ian Gardiner, Jay Messina Assisterande lydteknikar: Ian Gardiner, Mike Scotella Mikseassistent: Roy Clark, Brian Hargrove Mastering: Bob Ludwig Kunstnarisk leiar: Richard Frankel Plateomslag: Dimo Safari Portrett: Dennis Keeley
Salslister
Vekeslister Liste (1997)PlasseringDen austerrikske albumlista5Den belgiske albumlista (Vallonia)9Den nederlandske albumlista12Den franske SNEP-lista2Den tyske Media Control-lista3Den italienske albumlista22Noreg - VG-lista19Den spanske albumlista 8Den sveitsiske albumlista2UK Albums Chart74
Årslister Liste (1997)PlasseringDen belgiske albumlista (Vallonia)90Den franske albumlista46Den tyske albumlista46Den italienske albumlista96Den sveitsiske albumlista 49
Salstrofé og salstal
Singlar ÅrSingelListePlassering1997«You Win, I Lose»Den tyske singellista63
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Some Things Never Change» frå , den 18. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1997 Kategori:EMI Records-album Kategori:Supertramp-album Kategori:Album produserte av Jack Douglas