William Murray (d. 1998) var ein skotsk trommeslagar og fotograf frå Glasgow.
Som trommeslagar tidleg i 1970-åra spelte Murray med artistar som Richard og Linda Thompson sitt 'Sour Grapes' og det irske bandet Mellow Candle. Han spelte òg på Kevin Ayers-albumet Whatevershebringswesing og arbeidde seinare med Paul Kossoff.
Murray arbeidde med Mike Oldfield, som kjøpte eit kamera til Murray. Murray arbeidde med Oldfield på album som Ommadawn, og skreiv tekst for «On Horseback». Murray vart sidan ein motefotograf og flytta til Dallas i USA. I Amerika skipa Murray bandet The Same med Clodagh Simonds, Carter Burwell, Stephen Bray og Chip Johanessen.
Murray tok fotografiet av Mike Oldfield på omslaget til albumet Amarok i 1990 og skreiv ei novelle for heftet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «William Murray (musician)» frå , den 28. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Skotske trommeslagarar Kategori:Skotske fotografar Kategori:Mellow Candle-medlemmar