Vaira Vīķe-Freiberga () er ein latvisk politikar, og var president i Latvia frå juni 1999 til juli 2007. Ho var den første kvinnelege presidenten i Latvia.
Vīķe-Freiberga var fødd i Riga. Ho forlet Latvia som flyktning saman med familien i 1945 og vende attende i 1998. Då ho vart vald som president i 1999 hadde ho ikkje tilknyting til noko politisk parti. Ho vart gjenvald i 2003.
Vīķe-Freiberga vart i 2000 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.
Vike-Freiberga, Vaira Kategori:Første kvinnelege stats- og regjeringsleiarar Kategori:St. Olavs Orden