Tonja Yvette Buford-Bailey () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Dayton i Ohio som i hovudsak tevla i 400 meter hekk. Ho vann i 1995 VM-sølv og 1996 OL-bronse i øvinga.

Aktiv Buford gjorde sitt livs løp i VM-finalen 1995 i Göteborg. Med tida 52,62 vann ho sølvmedaljen på langhekken, ein hundredels sekund attom landskvinna Kim Batten som sette verdsrekord i øvinga, Begge løparane kom under den gamle verdsrekorden til britiske Sally Gunnell på 52,74 sekund.

Året etter presterte ho som Buford-Bailey sitt nest beste langhekkløp og vann på tida 53,22 bronsemedaljen under dei olympiske sommarleikane 1996. Deon Hemmings frå Jamaica vart olympisk meister og Kim Batten tok sølv.

Buford-Bailey avslutta med å verte nummer fire i 400 m hekk i VM 2001. Ho var då 0,05 sekund for seint ute til å slå bronsemedaljør Daimí Pernía frå Cuba.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1992 i Barcelona: Utslått i semifinalane (55,08=nr 10) VM 1993 i Stuttgart: Nr 5 – 54,55 VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje – 52,62, bakom Kim Batten (52,61) OL 1996 i Atlanta: Bronsemedalje – 53,22 VM 1997 i Aten: Nr 6 – 54,77 OL 2000 i Sydney: Utslått i forsøka (57,02=nr 18) VM 2001 i Edmonton: Nr 4 – 54,55

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tonja Buford-Bailey» frå , den 12. juli 2020.

World Athletics

Kategori:Hekkeløparar frå USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000