Canyon Dreams er det 40. albumet og det 14. filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Det vart spelt inn i 1986, men først gjeve ut i 1991 på CD og kassett. Musikken vart skriven for ein videofilm om Grand Canyon av Jan Nickman, som kom ut på VHS, Betamax og LaserDisc i 1987. Albumspora er delte inn i forskjellige episodar og har titlar knytte til videoklippa dei høyrer til.

Albumet har musikk inspirert av amerikanske urfolk. Edgar Froese, Christoph Franke og Paul Haslinger skapte atmosfæriske lydlandskap ved hjelp av musikken til dei amerikanske urfolka, blanda med Berlinskulen i elektronisk musikk. Dette gav Tangerine Dream den første Grammy-nominasjonen deira.

Historie I 1991 kom albumet med musikken til Canyon Dreams. Det vart nominert til Grammyprisen for beste new age-album i 1991.

Albumet kom ut på nytt i 1999 med eit ekstra spor, «Rocky Mountain Hawk», og eit nytt hefte. Enno ei ny utgåve kom ut i 2009 med eit anna plateomslag.

Innhald

Medverkande Edgar Froese Chris Franke Paul Haslinger

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Canyon Dreams» frå , den 15. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1991 Kategori:Tangerine Dream-album