The Keep er det 23. filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream og det 58. albumet deira totalt. Det inneheld musikk for filmen The Keep frå 1983, men kom først ut som ei avgrensa CD-plate, berre 150 eksemplar totalt, som vart selt på ein konsert av gruppa i Storbritannia i 1997. Virgin annonserte like etter at albumet kom til å bli tilgjengeleg for ei generell utgjeving tidleg i 1998, men på grunn av juridiske problem med filmstudioet, vart dette stoppa. I 1999 selte Tangerine Dream 300 eksemplar av albumsamlinga Millennium Booster med The Keep som ein del av samlinga. Denne utgåva hadde eit anna plateomslag.
«Puer Natus Est Nobis» er ei julemesse komponert av Thomas Tallis kring 1554. Fleire av spora på albumet vart ikkje nytta i sjølve filmen.
Ei nyinnspelt utgåve av «The Challenger's Arrival» vart gjeve ut på albumet Tangerine Dream Plays Tangerine Dream i 2006, og i 2007 kom «Ancient Powerplant» ut på Ocean Waves Collection, som var mogeleg å laste ned frå nettsida til Tangerine Dream.
Ei urban myte finst om at The Keep vart gjeven ut på vinyl i 1984. Fleire Tangerine Dream-fans har fortalt soger der dei har sett plata i butikken, men ikkje hadde råd til å kjøpe ho der og då, og då dei kom attende for å få tak i plata, var ho borte. Albumet kom ikkje ut på vinyl før i 2013.
Innhald
Medverkande Edgar Froese– gitar, vocoderstemme, klaverinstrument Christopher Franke– ekstra klaverinstrument Johannes Schmoelling– ekstra klaverinstrument og trommemaskin
Andre medverkande Bob Badamy– musikalsk oversyn Michael Mann– leiande produsent Jerome Froese– master
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Keep (Tangerine Dream album)» frå , den 20. juli 2020.
Kategori:Filmmusikkalbum av Tangerine Dream Kategori:Filmmusikkalbum frå 1997