Great Wall of China er det 69. albumet og 25. filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream.

Musikken vart spelt inn for ein kinesisk dokumentarfilm med same namn, men det er ukjend om filen nokon gong er blitt offisielt gjeven ut. Albumet var først berre tilgjengeleg for dei som den såkalla «Millennium Booster» frå nettsida til TDI, selskapet til Tangerine Dream. Plata kom ut for vanleg sal tidleg i 2000 med eit litt anna plateomslag.

I januar 2007 vart albumet tilgjengeleg for digital nedlasting på nettbutikken til Tangerine Dream, og hadde då fått tittelen The Great Wall of China, som sidan vart nytta på alle seinare utgjevingar av albumet. På denne utgåva vart dei to originale spora som var skrivne av Jerome Froese blitt erstatta av nye komposisjonar av Edgar Froese.

Albumet kom ut i juni 2009 i Japan med grafikken frå den digitale utgåva, men med same innhaldet som den originale utgåva. I juni 2010 kom albumet ut i USa med ei anna rekkjefølgje på spora og dei to nye spora.

Innhald

Medverkande Edgar Froese - komponist og musikar Jerome Froese - komponist og musikar

Kjelder

Kategori:Filmmusikkalbum frå 2000 Kategori:Filmmusikkalbum av Tangerine Dream