Kristian Stange Jebsen () var ein norsk skipsreiar. Han grunnla reiarlaget Kristian Jebsens Rederi AS i 1929, som starta med to dampskip og dreiv handel i Nordsjøen. Under andre verdskrigen mista reiarlaget alle dei fire skipa sine, men selskapet vart gjenoppbygt og dreiv kysttrafikk og tankskip.Kristian Jebsens Rederi AS - Bergen byleksikon
I 1993 vart reiarlaget til Kristian Jebsen slått saman med Paal Wilson & Co under det nye namnet Wilson.
Privatliv Kristian Stange Jebsen var son av banksjef Kristian Gerhard Sundt Jebsen (1872-1950) og skodespelar Jenny Sophie Stange (1873-1962), og soneson av konsul Peter Jebsen (1824-1892). Han var gift med Sigfrid («Sissi») Kjerland (1904-1993). Dei var foreldre til Atle Jebsen (1935-2009), Kristian Gerhard Jebsen (1927–2004) og Aldis Jebsen (1938-1985).Aldis Schotel Jebsen
Død 12. august 1967 var Jebsen på togreise frå New York til Montréal med sonen sin Atle Jebsen. Toget dei var passasjerar på kolliderte med eit godstog 64 kilometer nord for Albany. Kristian Stange Jebsen omkom, men sonen overlevde ulukka.Atle Jebsen - Norsk biografisk leksikon
Kjelder
Kategori:Skipsreiarar frå Bergen Kategori:Døde i trafikkulukker