Machu Pichu er det 134. albumet totalt og det 56. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i mai 2011.

Dette er den sjette plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda er kring 40 minutt, som er typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast, men akkurat denne og den førre plata kom ut i vanleg CD-omslag. Så langt består serien av 11 plater.

Musikken på plata vart opphavleg spelt inn som ei hyllest til John Peel, då han døydde i oktober 2004 i byen Cusco i Peru, nær den heilage Inca-staden Machu Picchu. Edgar Froese, som komponerte alle spora og spelte inn alt, ønskte ikkje å gje ut musikken den gongen. Til slutt klarte kona hans å overtyde han om å gje ut musikken.

Innhald

Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument, komponist

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 2012 Kategori:Tangerine Dream-album