Josephine the Mouse Singer er det 145. albumet totalt og det 62. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i mai 2014.
Dette er den sjuande plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda er kring 40 minutt, som er typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast. Så langt består serien av 11 plater.
Albumet kom ut som ei avgrensa utgjeving i høve Phaedra Farewell Tour 2014 og vart til sals før og etter konsertane.
Albumet inneheld fem nye komposisjonar, ein av dei eit arrangement av eit klassisk stykke av Arcangelo Corelli. Albumet er basert på Josefine, die Sängerin oder Das Volk der Mäuse, den siste novella skriven av Franz Kafka. Soga omhandlar forholdet mellom ein kunstnar eller artist og publikummet sitt.
Innhald
Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument, komponist
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 2014 Kategori:Tangerine Dream-album