Haute-Normandie (fransk for 'Øvre-Normandie') er ein tidlegare region heilt nord i Frankrike som inneheld departementa Eure og Seine-Maritime. Regionen vart oppretta i 1956, då Normandie vart delt i Haute- og Basse-Normandie. I tillegg til Basse-Normandie i vest grensar han til Centre i sør, Picardie i aust og Den engelske kanalen i nord. Dei to regionane Basse-Normandie og Haute-Normandie blei frå 1. januar 2016 slått saman til regionen Normandie.LOI n° 2015-29 du 16 janvier 2015 relative à la délimitation des régions, aux élections régionales et départementales et modifiant le calendrier électoral (1), Legifrance. Lest 4. juli 2016.Régionales 2015 : Pourquoi une nouvelle carte des régions ?, Ministère de l'Intérieur. Lest 4. juli 2016.
Rouen var hovudstad eller administrativt senter i regionen, og er ein historisk viktig stad med mange flotte kyrkjer og byningar, inkludert den høgaste domkyrkja i Frankrike. Den største byen i regionen var derimot Le Havre.
Byar Dieppe Évreux Fécamp Le Grand-Quevilly Le Havre Le Petit-Quevilly Mont-Saint-Aignan Rouen Saint-Étienne-du-Rouvray Sotteville-lès-Rouen Vernon
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Historia til Normandie Kategori:Tidlegare regionar i Frankrike