Empress Market (, sindhi: ايمپريس مارڪيٽ) er ein marknadsbygning i Saddar Town i Karachi i Pakistan. Marknaden bley bygd då området var del av Britisk India, og har namn etter dronning Victoria, som var nemnd keisarinne av India.. Henta 6. april 2018 I dag er det ein travel handelsstad. Ein sel mellom anna frukt, grønsaker, kjøt og andre matvarer her i tillegg til andre varer som skriveutstyr, tekstilar og kjæledyr. I nærleiken av bygningen ligg parken Jahangir Park.

Historie mini|venstre|Empress Market i 1890 mini|Det sentrale tårnet til bygningen. mini|Marknaden i mørke

Empress Market blei bygd mellom 1884 og 1889 og namngjeve etter dronning Victoria, Empress of India.No hope of early renovation of Empress Market Daily Times (newspaper), 25. juli 2017. Henta 6. april 2018 Marknaden blei plassert på ein nøye utvald stad som ein kunne sjå langveges frå. Staden han blei bygd på hadde historisk tyding. Det var her fleire indiske soldatar (sepoyar) blei avretta etter det indiske opprøret i 1857. Omtalar av hendinga seier at soldatane fekk hovuda sine skotne av med kanonkuler i eit forsøk på å undertrykka opprørstankar blant lokale folk. Britane frykta at dei lokale innbyggjarane kunne koma til å bygga eit minnesmerke til ære for dei avretta soldatne, og bygde i staden Empress Market for å æra dronning Victoria.

Grunnsteinen til Empress Market blei lagd av den dåverande guvernøren av Bombay, James Fergusson i 1884. Han la også ned grunnsteinen til Merewether Memorial Tower. Bygningen var teikna av James Strachan, grunnmuren blei laga av det engelske føretaket A.J. Attfield, og sjølve byggjearbeidet blei utført av det lokale føretaket Mahoomed Niwan and Dulloo Khejoo. Bygningen blei konstruert rundt eit torg som var gangar og hadde fire galleri som kvart var vide. Galleria hadde plass til 280 butikkar og buer. Då det blei bygd var det ein av berre sju marknadar i Karachi.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Empress Market» frå , den 4. august 2020.

Kategori:Karachi Kategori:Byggverk frå 1800-talet Kategori:Britisk India Kategori:Oppkallingar etter Victoria av Storbritannia