Berit Ås (fødd Berit Skarpaas; ) var ein norsk sosialpsykolog og politikar frå Fredrikstad, busett på Nesbru i Asker kommune. Ås var den første partileiaren i Sosialistisk Venstreparti. Ho var ein viktig figur i norsk kvinnerørsle.
Bakgrunn Ås vart cand.psychol. i Oslo i 1953. Ho tok spesialutdanning i sosialpsykologi ved University of Michigan i perioden 1958-1959.
Politisk karriere Ås var mellom anna ei av kvinnene bak «Kvinnekuppet», ein politisk aksjon som oppmoda til kumuleringar og strykingar på vallistene til kommunevalet i 1971 for å få kvinner inn i styringa av kommunane. På den måten vart det kvinneleg fleirtal i kommunestyret i Asker, 27 kvinner og 20 menn. Dette fullt lovlege «kuppet» vekte internasjonal merksemd.
Då SV vart skipa i 1975, vart ho leiar. Ho hadde bakgrunn frå DNA-utbrytargruppa AIK, og var mellom dei 16 representantane Sosialistisk Valforbund fekk valt inn på Stortinget i 1973. Ho sat som leiar i eitt år, før Berge Furre tok over.
Mellom dei viktigaste bragdene hennar som forskar reknar ein identifikasjonen av dei fem hersketeknikkane, som ho skreiv om i 1979.
Prisar og utmerkingar I 1997 vart ho riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Ho mottok òg ein internasjonal akademikarpris ved Amsterdam Universitet i 1988.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Haslund, Ebba. 2008. Ild fra Asker : et portrett av Berit Ås. Oslo: Pax forlag. ISBN 978-82-530-3102-6
Kategori:Norske psykologar Kategori:Norske professorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Æresdoktorar ved Københavns Universitet Kategori:Leiarar for Sosialistisk Venstreparti Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Folk frå Fredrikstad Kategori:Folk frå Asker Kategori:Vitskapleg tilsette ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske kvinnesaksfolk