Jingzong av Tang () var keisar i Kina under Tang-dynastiet som tenåring, frå 824 til han blei drepen i 827.Zizhi Tongjian, vol. 243. Han var då berre 17 år gammal.

Liv og virke

Bakgrunn Keisar Jingzong var eldstesonen til Li You (den dåverande prinsen av Sui og seinare keisar Muzong) og storebror til dei seinare keisarane Wenzong og Wuzong. Mora var konkubina, til Li You, konsort Wang, som fødde han i ein sidehall i Det austlege palasset.

Keisar Keisar Jingzong si korte regjeringstid blei overskugga av korrupte evnukkar som kontrollerte den keiserlige Shence-hæren (神策軍). Sjølv markerte han seg med tankeløyse, overdådigheit og mangel på interesse for statleg styre.

Mellom den tredje og femte dagen etter at han kom på trona gav han ei stort tal evnukkar ei rekkje gåver og godtgjeringar, som offisielle uniformer, farga silketøy og andre skattar.Zizhi Tongjian, vol. 243. Han brukte mykje tid på polo, festar, turneringar og spel, og til musikk - med overdådige gåver til musikarane. Han kom ofte særs seint til keisarlege møte, og lét demed embetsmennene sine venta på han i timevis. Då rådgjevarane Li Bo (李渤) og Liu Qichu (劉栖楚) oppfordra han til å endra på dette, lønte han de rikt og forfremja seinare Liu, sjølv om det er uklart om han tok til seg råda.

Då Yuchi Rui (尉遲銳), prefekten av Long (龍州, i det moderne Mianyang i Sichuan) målbar i ein petisjon at fjellet Niuxin (牛心山) på mystisk vis var viktig for det himmelske mandatet til Tang-dynastet, og at strukturen til fjellet burde reparerast, gjekk Jingzong med på dette: Han sende titusentals menn for å arbeida på ombygginga, som var både vanskeleg og farleg. Det blei at sagt at kretsen Dongchuan (東川, som Long var del av) blei tappa for kreftene sine.Zizhi Tongjian, vol. 243.

Evnukkane dominerte både hans og lillebroren hans Wenzong sitt styre. Jingzong hadde inga interesse for politikk og var meir oppteken av fornøying og eit liv i overflod, medan evnukkar som Wang Shoucheng og embetsmenn som Li Fengji hadde den reelle makta i riket.

Død og etterfylgjar Keisar Jingzong skal ha mora seg med evnukkar, polospelarar og sterke menn som han kunne brya armbak med. Han kunne gje dei store gåver, men også impulsivt mishandla dei, konfiskera eigedelane deira eller senda dei i eksil om han blei sint på dei. Desse hoffdeltakarane skal etterkvart ha byrja å frykta og mislika han. 9. januar 827Academia Sinica Chinese-Western Calendar Converter var Jingzong ute på jakt. Etterpå vende han tilbake til palasset der han drakk saman med 28 personar, mellom anna evnukkane Liu Keming (), Tian Wucheng () og Xu Wenduan () og polospelarane Su Zuoming (), Wang Jiaxian (), Shi Congkuan () og Yan Weizhi (). På eit tidspunkt reiste han seg for å gå på do, og nett då blei lysa plutseleg sløkte. Su og kollegaene hans nytta dette høvet til å drepa han. Etter drapet sende Liu bod etter den keisarlege lærde Lu Sui for å skriva eit testamente for keisar Jingzong som utnemnde den yngre broren til keisar Muzong, Li Wu som var prins av Jiàng, på trona.

Neste morgon blei testamentet lese opp, og Li Wu, som ikkje var blitt krona endå, tok imot embetsfolk som om han allereie var keisar. Liu planla å eliminera dei mektigaste evnukkane. I respons samla leiarane for palassmeldingar, Wang Shoucheng og Yang Chenghe (), og leiarane for Shence-hæren Wei Congjian () og Liang Shouqian () saman Shence-hæren og Flygande drake-soldatane () for å gå til åtak på Liu si gruppe og eskortera den yngre broren til keisar Jingzong, Li Han som var prins av Jiāng (merk annleis tone) til palasset. Shence-hæren og Flygande drake-soldatane gjekk til åtak på Liu si gruppe og drap dei fleste i henne, mellom dei Li Wu. Liu prøvde å ta livet sitt ved å hoppa i ein brunn, men blei henta ut og avretta. Etter råd frå Wei Chuhou erklærte Wang offentleg kva som hadde hend, og fekk keisarmora Guo til å utropa Li Han til ny keisar. Li Han blei krona som keisar Wenzong.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Keiser Jingzong av Tang» frå , den 20. august 2020.

Denne artikkelen bygger på «Emperor Jingzong of Tang» frå , den 23. august 2020.

Litteratur

Herbert A. Giles: A Chinese biographical dictionary. London 1898 Kategori:Keisarar i Tang-dynastiet