mini|Siloslått med forhaustar. Jordbruk er ei næringsgrein innan landbruket som vert driven for å produsera plantar, som vert etne av menneske og dyr. Noko av energien i plantane som vert nytta som dyrefor vert omset til menneskeføde når dyra vert slakta og kjøtet ete. Men omvegen om kjøt er ein lite effektiv måte å produsera menneskeføde på, ettersom berre ein brøkdel av energien i fôret finst i kjøtet. Forutan mat produserer jordbruket ymse typar fiber, som lin og bomull. Ull er òg eit viktig produkt.
Soge mini|Mjølking i Egypt. Når dei fyrste menneskja tok til å dyrka jorda er uvisst. Wells nemner tidsbolken 15000 til 12000 år fvt.Wells, H.G., A short history of the world, rev. utg., Penguib Books, 1946.. Dei fyrste skriftlege kjeldene er rundt 5000 år gamle og stammar frå Egypt.Hart, G., Mémoire de l'Egypte, Gallimard, 1998. I Noreg reknar ein med at det har vore drive jordbruk i nokre tusen år.Myhre, B. og Øye, I., Norges landbrukshistorie I, Det norske samlaget, 2002.
Sjå òg Jordbruksreiskap Landbruk Hagebruk Skogbruk Havbruk
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Jordbruk