Tyrkia debuterte i Eurovision Song Contest i 1975 og deltok til saman 34 gongar inntil landet trekte seg frå tevlinga i 2012 på ubestemt tid. Tyrkia har vunne tevlinga éin gong, i 2003 då Sertab Erener deltok med songen «Everyway That I Can». Tyrkia har òg hamna på sisteplass tre gongar, to av dei utan poeng.

Historikk Det var Tyrkia si statlege kringkastar, TRT, som deltok i Eurovision Song Contest på vegner av Tyrkia. Tyrkia debuterte i 1975 og kom då på ein sisteplass med «Seninle bir dakika», framført av Semiha Yankı. Tyrkia hadde liten suksess i tevlinga fram til 2000, og dei einaste topp ti-plasseringane Tyrkia hadde var ein niandeplass i 1986 og ein tredjeplass i 1997. Fyrst då landet gjekk over til å syngje på engelsk i 2003, fekk landet sin fyrste siger i Eurovision Song Contest då Sertab Erener og «Everyway That I Can» slo Belgia og Russland med høvesvis to og tre poeng.

Sigeren var starten på ein lang periode med høge plasseringar for Tyrkia. På heimebane i 2004 kom gruppa Athena på ein fjerdeplass. To nye fjerdeplassar følgde i 2007 og 2009, og i Oslo i 2010 kom gruppa maNga på ein andreplass. I 2011 klarte ikke Tyrkia å kvalifisere seg til finalen; dette var fyrste og einaste gongen at Tyrkia ikkje kvalifiserte seg til finalen sidan semifinaleordninga vart innført i 2004.

Tyrkia trekkjer seg

Ved fleire anledningar har Tyrkia stått over tevlinga, fyrste gongen i 1976 og 1977. I 1979 hadde Tyrkia vald både song og artist, men landet trakk seg frå tevlinga kort tid før finalen. Årsaka var at finalen skulle haldast i Jerusalem, og dei arabiske nabolanda kravde at den tyrkiske regjeringa måtte trekkje landet frå tevlinga, på grunn av den arabiske konflikten med vertsnasjonen Israel.

I 1994 var ikkje Tyrkia kvalifisert for finalen på grunn av den dårlege plasseringa året før, men frå 1995 deltok Tyrkia kvart einaste år fram til og med 2012.

I desember 2012 offentleggjorde TRT at dei ikkje ville deltake i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö. Den tyrkiske regjeringa grunngav avgjerda med at dei ikkje var fornøgde med dei nye røystereglane i tevlinga. Tyrkia har ikkje delteke sidan, og TRT har førebels ingen planar om å deltake i Eurovision Song Contest igjen.

Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 1975 Semiha Yankı «Seninle bir dakika» Tyrkisk 3 19 1978 Nilüfer og Grup Nazar «Sevince» Tyrkisk 2 18 Maria Rita Epik og 21. Peron «Seviyorum» Tyrkisk colspan="2" 1980 Ajda Pekkan «Petr'Oil» Tyrkisk 23 15 1981 Modern Folk Trio og Ayşegül «Dönme dolap» Tyrkisk 9 18 1982 Neco «Hani?» Tyrkisk 20 15 1983 Çetin Alp og the Short Waves «Opera» Tyrkisk 0 19 1984 Beş yıl önce, on yıl sonra «Halay» Tyrkisk 37 12 1985 MFÖ «Didai didai dai» Tyrkisk 36 14 1986 Klips ve Onlar «Halley» Tyrkisk 53 9 1987 Seyyal Taner og Lokomotif «Şarkım sevgi üstüne» Tyrkisk 0 22 1988 MFÖ «Sufi» Tyrkisk 37 15 1989 Pan «Bana bana» Tyrkisk 5 21 1990 Kayahan feat. Demet Sağıroğlu «Gözlerinin hapsindeyim» Tyrkisk 21 17 1991 İzel Çeliköz, Reyhan Karaca og Can Uğurluer «İki dakika» Tyrkisk 44 12 1992 Aylin Vatankoş «Yaz bitti» Tyrkisk 17 19 1993 Burak Aydos «Esmer yarim» Tyrkisk 10 21 1995 Arzu Ece «Sev» Tyrkisk 21 16 1996 Şebnem Paker «Beşinci mevsim» Tyrkisk 57 12 69 7 1997 Şebnem Paker og Grup Ethnic «Dinle» Tyrkisk 121 3 1998 Tüzmen «Unutamazsın» Tyrkisk 25 14 1999 Tuğba Önal og Grup Mistik «Dön artık» Tyrkisk 21 16 2000 Pınar Ayhan og The SOS «Yorgunum anla» Tyrkisk og engelsk 59 10 2001 Sedat Yüce «Sevgiliye son» Tyrkisk og engelsk 41 11 2002 Buket Bengisu og Group Safir «Leylaklar soldu kalbinde» Tyrkisk og engelsk 29 16 2003 Sertab Erener «Everyway That I Can» Engelsk 167 1 2004 Athena «For Real» Engelsk 195 4 colspan=2 2005 Gülseren «Rimi rimi ley» Tyrkisk 92 13 colspan=2 2006 Sibel Tüzün «Süper star» Tyrkisk og engelsk 91 11 91 8 2008 Mor ve Ötesi «Deli» Tyrkisk 138 7 85 7 2009 Hadise «Düm tek tek» Engelsk 177 4 172 2 2010 maNga «We Could Be the Same» Engelsk 170 2 118 1 2011 Yüksek Sadakat «Live It Up» Engelsk colspan=2 47 13 2012 Can Bonomo «Love Me Back» Engelsk 112 7 80 5

Røystehistorikk Finalane

+ Tyrkia har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng1 1292 1263 1194 1185 86

+ Tyrkia har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng1 1702 1513 1324 1085 104

Semifinalane

+ Tyrkia har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng1 482 463 43 5 31

+ Tyrkia har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng1 50 3 494 465 42

Galleri

Eurovision Song Contest i Tyrkia År Sted Arena Programleiar 2004 Istanbul Abdi İpekçi Arena Korhan Abay og Meltem Cumbul

Referansar

Kjelder Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest

Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Tyrkia i Eurovision Song Contest» frå , den 24. august 2020.

Kategori:Land i Eurovision Song Contest Kategori:Tyrkisk musikk