Peepshow er det niande studioalbumet til det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees, gjeve ut i september 1988 på Polydor. Det var den første plata deira som ein kvintett etter at multi-instrumentalisten Martin McCarrick og gitaristen Jon Klein var komne inn i gruppa. Gruppa var inspirert av mykje forskjellig då dei spelte inn dette varierte albumet. Både albumet og singlane «Peek-a-Boo» og «The Last Beat of My Heart» seld godt, og albumet nådde 68. plassen på Billboard 200-lista i USA i starten av desember 1988. Det låg i alt 20 veker inne på denne lista.
Peepshow vart møtt med god omtale, og særskild vart det nemnt den uføreseielege orkestreringa og dei nye nyansane i røysta til Siouxsie. Albumet vart sidan ommastra og gjeve ut med bonusspor i oktober 2014. I desember 2018 kom albumet ut på 180-grams vinyl med ommastra lyd.
Samantha Bennett skreiv ei bok om Peepshow i 2018, som ein del av serien 33 1/3.
Musikk Parke Puterbaugh skildra «Peek-a-Boo» som ein «lydcollage med baklengs perkusjonsspor» medan røysta hoppar frå kanal til kanal. «The Killing Jar» opnar med «ein liten dæsj reggae» før musikken går over i ein transeliknande bordun ala Brian Eno. «Scarecrow» har ei «arabisk kjensle» og den første sida oppnår eit klimaks i «Burn-Up», med cello og trommer «som simulerer momentumet til eit tog».
Mottaking
Peepshow fekk mykje god kritikk. Q gav albumet fem av fem stjerner og skreiv: «Peepshow finn stad på eit forvrengd tanketivoli der rare og fantastiske former opptrer.» Mark Cooper hylla «Trekkspelet til Martin McCarrick som kakkar seg inn i 'Peek A Boo' [...] eit underfundig stykke musikalsk fantasi». Han skreiv at «resten av plata er sprekkferdig med liknande fantasihandlingar. All ære til McCarrick for alle dei smarte dekorasjonane og trommeslagaren Budgie for stadig nyskapande rytmar som klarar å setje spaninga som finst i kvar song på spissen utan å nokon gong gli over i ein opplagd rytme».Cooper, Mark. Peepshow review. Q magazine. September 1988. Melody Maker hylla den første singelen, «Peek-a-Boo», og kalla han «den mest forbløffande britiske plata» i 1988, og «ei uventa blanding av svart stål og popforstyrringar.»Mathur, Paul. «Born Again Savages». Melody Maker. 9. juli 1988. Magasinet hylla òg bandet for balladen «The Last Beat of My Heart». Chris Roberts sa: «Det uendelege høgdepunktet er det einaste sporet dei skreiv i lag, bravurhymnen 'The Last Beat of My Heart'. Med trekkspelet til Martin McCarrick og den direkte intelligente rytmen til Budgie dannar grunnlaget for patosen i songen, er denne sørgesjongen omsett av Sioux stor saligheit. Det er den mest vågale melodien til The Banshees på ei stund.»Roberts, Chris. «Psalm Enchanted Evenings» [Peepshow review]. Melody Maker. 10. september 1988. Record Mirror likte òg særs godt denne songen då dei skreiv om albumet: «Høgdepunket er den tilbakehaldne 'The Last Beat of My Heart', der røysta til Siouxsie utforskar nye marker medan ho kjærteiknar ein stemningsskapande melodi.» Skribenten Kevin Murphy konkluderte med å sei: «Peepshow er full av sjølvtillit og den beste stunda til The Banshees.»Murphy, Kevin. Peepshow review. Record Mirror. 10. september 1988 NME merka seg ei stilmessig endring: «Peepshow er det beste Banshees-albumet sidan A Kiss in the Dreamhouse fordi dei valde å vere eit popband i staden for eit rockeband.».Shelley, Jim. «Ornament of Gold». NME. 24. september 1988.
Bloc Party hylla seinare «Peek-a-Boo», og songaren deira Kele Okereke sa: «Det høyrdest ikkje ut som noko anna på denne jorda. Det er berre in popsong, men for meg høyrdest det ut som den nyaste, men mest futuristiske stykke gitarpopmusikk eg nokon gong har høyrt.» DeVotchKa spelte seinare «The Last Beat of My Heart» etter forslag frå Arcade Fire-songaren Win Butler.Frenette, Brad. «DeVotchKa finds joy in the sadness – interview» . Nationalpost.com. 7. mars 2011. Henta 20. januar 2014. The Decemberists omtalte òg «The Last Beat of My Heart» som ein av dei favorittsongane deira av Siouxsie and the Banshees.Meloy, Colin. Decemberists interview.Pitchfork.com. 15. september 2006. «The Last Beat of My Heart» : «It's one of my favorite Siouxsie and the Banshees songs».
Innhald
Medverkande Siouxsie Sioux – vokal Steven Severin – elektrisk bass Budgie – trommer, perkusjon og munnspel Martin McCarrick – cello, klaverinstrument, trekkspel Jon Klein – gitar
Andre medverkande Mike Hedges – produsent, lydteknikar
Salslister Album ÅrListePlassering1988UK Albums Chart20 US Billboard 20068 Tyskland Top«Tyskland Top». Swedishcharts.com. Henta 17. august 202064
Singlar ÅrSingelListePlassering1988«Peek-a-Boo»UK Singles Chart16«Peek-a-Boo»US Hot Dance Club Play14«Peek-a-Boo»US Modern Rock Tracks1«Peek-a-Boo»US Hot 10053«The Killing Jar»US Modern Rock Tracks2«The Killing Jar»UK Singles Chart41«The Killing Jar»US Hot Dance Club Play37«The Last Beat of My Heart»UK Singles Chart44
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Peepshow (album)» frå , den 27. august 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Siouxsie and the Banshees-album Kategori:Musikkalbum frå 1988 Kategori:Album produserte av Mike Hedges Kategori:Polydor Records-album Kategori:Geffen Records-album