Koppangen (nordsamisk Gohppi) er ei bygd i Lyngen kommune i Troms fylke. Ho ligg på vestsida av fjorden Lyngen og rundt 17 kilometer nord for kommunesenteret Lyngseidet, langs Fv311.

Bygda ligg utsett til for naturfenomenet jøkulhlaup, som er ein plutseleg flaum frå ein isbre. Dette kan oppstå når demninga for bredemte sjøar brest. Dette skjer frå tid til annan ved dei bredemte sjøane i kanten av Koppangsbreen, og er vanskeleg å varsla.

Namna Gohppi og Koppangen

Bygda har namnet sitt frå bukta ho ligg med, som heiter Gohppi på nordsamisk. Ordet er også eit substantiv som betyr ‘bukt’. Thor Frette har i ein artikkel frå 1986 vist at både namnet «Koppangen» og det på sundet «Kjølmangen» litt lenger ut i fjorden er danna på same vis, i dette tilfelle frå det opphavleg samiske namnet Čoalbmi, som betyr ‘sund’: Eit opphavleg samisk nam blir lånt inn i norsk, og får etter analogi frå fjordnamn lenger sør eit suffiks -angen, som dermed blir identifisert som fjord, trong vik eller til og med eit sund også for dei som ikkje forstår meininga med førsteleddet i namnet.

Referansar

Litteratur

Frette, Thor 1986: Noen synspunkter på -anger (-angen). Årbok.

Denne artikkelen bygger på «Koppangen» frå , den 7. september 2020.

Kategori:Bygder i Lyngen