Pat Rizzo () var ein amerikansk saksofonist og fløytist som er mest kjend for arbeidet sitt i funkbandet Sly and the Family Stone.

Rizzo byrja å spele i 1960-åra med The Cufflinks, før han byrja å spele saksofon og fløyte i Sly and the Family Stone. Han skulle opphavleg erstatte det opphavlege medlemmet Jerry Martini, som hamna i ein krangel med Sly Stone, men både Martini og Rizzo vart verande i bandet og vart gode vener. Han erstatta seinare Charles Miller i War. I denne tida spelte han òg med Tito Puente og Frank Sinatra.

Rizzo spelte på Ry Cooder-albumet Chicken Skin Music i 1976, konsertalbumet Show Time i 1977 og albumet Jazz i 1978 og han akkompagnerte Cooder på europaturneen hans i 1977.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pat Rizzo» frå , den 23. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske funksaksofonistar Kategori:USA-amerikanske saksofonistar Kategori:USA-amerikanske soulmusikarar Kategori:Sly and the Family Stone-medlemmar Kategori:War-medlemmar