The Who er eit engelsk rockeband som vart starta i 1964. Besetninga bestod av gitarist Pete Townshend, vokalist Roger Daltrey, bassist John Entwistle og trommeslagar Keith Moon. Dei vart kjend for dei energiske konsertane sine. Dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1990, det første året dei hadde høvet til dette. I følgje New York Times har The Who selt over 100 millionar plater.Two Rock Legends, Basking in the VH1 Spotlight. nytimes.com. Vitja 3. mai 2009.

The Who vart kjende i Storbritannia som dei første som øydela instrumenta sine på scenen og for ei rekkje Topp 10-singlar (mellom andre «My Generation») og Topp 5-album. Tommy frå 1965 var den første i ei rekkje album som nådde Topp 5 i USA, etterfølgd av Live at Leeds (1970), Who’s Next (1971), Quadrophenia (1973) og Who Are You (1978).

Moon døydde i 1978, og etter dette har bandet gjeve ut to studioalbum, Face Dances (1981) og It's Hard (1982) med trommeslagaren Kenney Jones, før dei gav seg i 1983. Dei kom saman igjen for hendingar som Live Aid og for ein gjenforeiningsturné i 1989 og Quadrophenia-turneen i 1996 og 1997. I 2000 vart det lagt planar om eit nytt studioalbum, men planane vart utsette då Entwistle døydde i 2002. Townshend og Daltrey gav seg ikkje med The Who, og i 2006 kom studioalbumet Endless Wire.

Historie 1960-åra Dei første åra mini|The Who i 1965. Tidleg i 1960-åra starta Townshend og Entwistle i eit tradjazzband kalla The Confederates. Townshend spelte banjo og Entwistle spelte valthorn, eit instrument han hadde spelt i skulekorpset. Daltrey møtte Entwistle på gata med ein bass over skuldra og spurte han om han ville bli med i bandet hans The Detours, som han hadde starta året før. Etter eit par veker føreslo Entwistle at Townshend kunne bli med som ein ekstra gitarist. Den første tida spelte bandet fleire typar musikk som høvde inn i pubane og musikkhallane dei spelte i, før dei vart påverka av amerikanske blues og country og starta å spele stort sett rhythm and blues. Besetninga var Daltrey på sologitar, Townshend på rytmegitar, Entwistle på bass, Doug Sandom på trommer og Colin Dawson på vokal. Etter at Dawson forlet bandet, gjekk Daltrey over på vokal, og Townshend vart sologitarist. I 1964 forlet òg Sandom bandet og Keith Moon vart den nye trommeslagaren.

The Detours endra namn til The Who i februar 1964 og då Moon var på plass i løpet av året, var besetninga komplett. Ein kort periode på sommaren 1964, under Peter Meaden si leiing, endra dei namn til The High Numbers, og gav ut singelen «Zoot Suit»/«I’m the Face», retta mot mod-miljøet. Då singelen ikkje nådde salslistene, endra dei namn tilbake til The Who. Meaden vart erstatta som manager av Kit Lambert og Chris Stamp, som såg bandet under ein konsert på the Railway Tavern og kjøpte Meaden ut av kontrakten. Dei vart særs populære hos den britiske mod-rørsla, ei ungdomsrørsle i 1960-åra basert på dei siste motane, scooterar og musikksjangrar som rhythm and blues, soul og beatmusikk.BBC

I september 1964, under ein konsert ved The Railway Tavern i Harrow og Wealdstone i London, klarte Townshend ved eit uhell å slå gitarhalsen gjennom taket på scenen. Han vart irritert av humringa frå publikum og knuste instrumentet på scenen. Han tok så ein ny gitar og heldt fram konserten. På konserten etter hadde publikum vokse kraftig, men Townshend ville ikkje knuse enno ein gitar. I staden knuste Moon trommesettet sitt då publikum starta å pipe på Townshend. Øydelegging av instrument på scenen vart eit fast innslag på konsertane til The Who i mange år. Hendinga på The Railway Tavern er av musikkmagasinet Rolling Stone kåra til eitt av «50 augneblink som endra rockehistoria».

Bandet utvikla seg med Townshend som hovudlåtskrivar og kreativ kraft. Entwistle skreiv òg nokre songar, medan Moon og Daltrey stundom medverka.

Dei første singlane og My Generation Den første singelen som The Who og den første hitten deira var «I Can’t Explain» frå 1965, ein song inspirert av The Kinks, som dei delte produsenten Shel Talmy med. Songen vart først spelt i USA av DJ Peter C Cavanaugh på WTAC AM 600 i Flint i MichiganLocal DJ - A Rock 'n' Roll History, der Moon køyrte bilen sin i hotellbassenget på 21. årsdagen sin.Video av Moon som køyrer bilen sin i bassenget «I Can't Explain» nådde Topp 10 i Storbritannia, etterfølgd av «Anyway, Anyhow, Anywhere», ein song tilskriven Townshend og Daltrey.

Debutalbumet My Generation (The Who Sings My Generation i USA) kom ut same året. Albumet inneheldt «The Kids Are Alright» og tittelsporet «My Generation». Andre hitar i denne tida var «Substitute», «I’m a Boy» og «Happy Jack», alle frå 1966. Vidare følgde hittane «I Can See for Miles» og «Magic Bus» frå 1968.

Konseptalbum Sjølv om dei hadde suksess med singlane sine, ønskte Townshend at The Who-albuma skulle vere meir heilheitlege og ikkje berre ei samling av songar. I 1966 kom albumet A Quick One, som inneheldt den lange historia «A Quick One While He's Away», som dei kalla ein miniopera, og som er vorte kalla den første progressive rockesongen.The Who på progarchives.com

A Quick One vart etterfølgd av The Who Sell Out i 1967, eit konseptalbum forma som ein piratradiostasjon, med jinglar og reklamar mellom songane, samt ein liten rockeopera kalla «Rael» (avsluttingstemaet enda opp på Tommy), samt den største hitten dei hadde i USA, «I Can See for Miles». The Who øydela utstyr under Monterey Pop Festival dette året og gjorde det same på Smothers Brothers Comedy Hour der Moon sprengde trommesettet med dynamitt. Visstnok var eksplosjonen så høg at det øydela høyrselen til Townshend. I 1968 var The Who hovudattraksjon på den første Schaefer Music Festival i Central Park i New York City. Same året vart Townshend intervjua av Rolling Stone for første gong, der han fortalte at han arbeidde med ein fullskala rockeopera. Dette var Tommy, det første verket som har vorte kalla ein rockeopera og eit landemerke i moderne musikk.

Tommy og Live at Leeds På denne tida hadde læra til Meher Baba frå India stara å påverke låtskrivinga til Townshend, noko det skulle gjere i mange år. Baba er tilskriven som «Avatar» på Tommy. I tillegg til at albumet selde stort, fekk det særs god kritikk. Life Magazine skreiv «… med rein kraft, nyvinning og glimrande framføring, ligg Tommy langt føre alt anna som nokon gong har kome ut av eit platestudio», og Melody Maker erklærte at «The Who er sikkert og visst det bandet som alle andre band no vil bli målt opp mot».

The Who spelte mykje av Tommy på Woodstock Music and Art Festival dette året. Dette og den påfølgjande filmen gjorde The Who særs populære i USA. Trass i at festivalen var gratis, kravde The Who betaling før dei gjekk på scenen kl. 2–3 om natta, trass i at alle bankar var stengde då, og gjekk først på scenen då ein av arrangørane, Joel Rosenman, kom med ein sjekk på 11 200 dollar.Spitz, Bob (1979). Barefoot In Babylon: The Creation of the Woodstock Music Festival. W.W. Norton & Company. s. 462 ISBN 0-393-30644-5.

I februar 1970 spelte The Who inn Live at Leeds, som av mange kritikarar vert rekna som det beste rockekonsertalbumet gjennom tidene.«Hope I don't have a heart attack». Telegraph.co.uk (22. juni 2006). Vitja 3. mai 2009.* Live at Leeds: Who's best... The Independent (7. juni 2006). Vitja 3. mai 2009.* Hyden, Steven. THE WHO: Live at Leeds. PopMatters.com (29. januar 2003)* The Who: Live at Leeds. BBC - Leeds - Entertainment (18. august 2006). Vitja 3. mai 2009* 170) Live at Leeds. Rolling Stone Magazine (1. november 2003). Vitja 3. mai 2009 Albumet var opphavleg relativt kort og inneheldt berre hardrocksongane, men har sidan vorte gjeven ut på ny i utvida utgåver. Ei dobbel CD-utgåve inneheld heile Tommy. Konserten var ein del av Tommy-turneen der The Who spelte i europeiske operahus, og dei vart det første rockebandet som spelte i Metropolitan Opera House i New York City.

1970-åra Lifehouse og Who’s Next I mars 1971 starta bandet innspelinga av Lifehouse med Kit Lambert i New York. I april starta dei på ny med Glyn Johns. Lifehouse-prosjektet vart aldri noko av, og songane frå prosjektet, i lag med ein song av Entwistle som ikkje hadde noko med Lifehouse å gjere, vart gjevne ut som eit vanleg studioalbum kalla Who’s Next. Albumet vart det mest suksessrike albumet til The Who, både hos kritikarane og tilhengarane. Who's Next nådde fjerdeplassen i USA og førsteplassen i Storbritannia. To spor frå albumet, «Baba O’Riley» og «Won’t Get Fooled Again» er av dei første songane i rockehistoria der det er nytta synthesizer.Pete's Equipment - Lowrey Berkshire Deluxe TBO-1 (sjølv om det på «Won't Get Fooled Again» vart nytta eit orgel køyrd gjennom ein VCS3 synthesizer). Synthesizerar finst òg på fleire songar på albumet som «Bargain», «Going Mobile» og «The Song is Over».

Quadrophenia og By Numbers Who's Next vart etterfølgd av Quadrophenia (1973), som omhandlar livet i London tidleg i 1960-åra. Det var ein ny rockeopera om guten Jimmy, som kjempar med dårleg sjølvtillit medan familien og andre har vorte mentalt sjuke.Quadrophenia.net Soga hans er sett opp mot samanstøytar mellom mod-rørsla og rockarane tidleg i 1960-åra, særleg i Brighton i Storbritannia. På den påfølgjande amerikanske turneen, den 20. november 1973 i San Francisco i California mista Keith Moon medvitet under «Won't Get Fooled Again», og etter ein kort pause igjen under «Magic Bus». Townshend spurte publikum om det var nokon gode trommeslagarar i publikum. Scot Halpin var til stades og sette seg ned ved trommene resten av showet.

mini|Keith Moon i 1975 Dei seinare albuma til bandet inneheldt songar som var meir personlege for Townshend og han overførte denne stilen til soloalbuma sine, som på Empty Glass. I 1975 kom The Who by Numbers med sjølvgranskande songar og den meir lystige hitsingelen «Squeeze Box». Likevel rekna enkelte kritikarar By Numbers som Townshend sitt «avskjedsbrev». Ein film av Tommy kom ut dette året, regissert av Ken Russell, med Daltrey i hovudrolla. Dette gav Townshend ein Oscarnominasjon for «beste filmmusikk». I 1976 spelte The Who på Charlton Athletic fotballstadion og konserten var i over ti år rekna som den konserten med høgaste målte lydnivå i Guinness rekordbok.

Who Are You og dødsfallet til Moon mini|venstre|Daltrey og Townshend, 21. oktober 1976 I 1978 gav bandet ut Who Are You, der dei flytta seg frå rockeopera mot meir radiovenleg musikk. Utgjevinga vart derimot overskugga av dødsfallet til Moon, då han sovna inn etter ein overdose med Heminevrin - ein reseptbelagt medisin mot alkoholmisbruk. Det siste albumomslaget viser Moon i ein stol med orda, «not to be taken away» («må ikkje fjernast»). Songen «Music Must Change» er utan trommer. Kenney Jones frå The Small Faces og The Faces, overtok for Moon.

2. mai 1979 la The Who ut på turne att og fekk god kritikk for konsertar i Rainbow Theatre i London, under filmfestivalen i Cannes i Frankrike og Madison Square Garden i New York City. Ein liten turne i USA enda i tragedie under ein konsert i Cincinnati den 3. desember 1979 då 11 tilhengjarar mista livet i trengselen under konserten. Bandet fekk ikkje beskjed om dette før etter konserten, fordi arrangørane var redd for panikk i publikum om konserten vart stoppa.

I 1979 gav The Who ut dokumentarfilmen The Kids are Alright og ein filmversjon av Quadrophenia, som gjorde det godt i Storbritannia. I desember vart The Who det tredje bandet, etter The Beatles og The Band, som kledde framsida av Time Magazine. Artikkelen sa at The Who hadde «gått forbi, overlevd, vart lenger enn og utklassa» alle sine samtidige rockeband.http://www.thewho.org/images/times2.jpg Time Magazine

1980-åra Nedgang og splitting