mini|Borgarrettsrørsla i USA stod bak Marsjen mot Washington i 1963, der fleire hundretusen afroamerianarar og støttespelarar samla seg for å krevja fleire rettar. mini|Fire leiande skikkelsar i den amerikanske borgarrettsrørsla: W.E.B. Du Bois, Malcolm X, Rosa Parks, Martin Luther King Borgarrettsrørsla i USA frå 1955 til 1968 var ei politisk rørsle i USA som hovudsakleg arbeidde for å skaffa dei svarte eller afroamerikanske innbyggjarane i landet borgarrettar (som retten til å røysta ved val) på lik linje med kvite, og fjerna rasistisk diskriminering mot svarte amerikanarar. Denne artikkelen dekker den historiske fasen til rørsla mellom 1955 og 1968, særleg i Sørstatane.
Rørsla var karakterisert av betydelege kampanjar av sivil motstand. Mellom 1955 og 1968 var det mange ikkjevaldelege aksjoner og sivil ulydnad som førte til krisesituasjonar mellom aktivistar og styresmakter. Føderale, statlege og lokale styresmakter, forretningar og samfunn måtte ofte svara raskt på desse situasjonane som framheva urettvisa som afroamerikanarar møtte. Former for protestar og/eller sivil ulydnad inkluderte aksjonar som boikott, som Bussboikotten i Montgomery (1955–1956) i Alabama; «sit-ins», slik som den påverknadsrike sit-in-aksjonen i Greensboro (1960) i Nord-Carolina; demonstrasjonsmarsjar, slik som marsjane frå Selma til Montgomery (1965) i Alabama; og ei rekkje andre ikkjevaldelege aktivitetar og politiske demonstrasjonar.
Kjende vinningar i lovverket i denne fasen av borgarrettsrørsla var vedtaket om Loven om borgarrettar frå 1964, som forbaud diskriminering basert på «rase, hudfarge, religion, eller nasjonalt opphav» i tilsetjingsprosessar og innan offentlege tenester (som utdanning og transport); Loven om rett til deltaking i politiske val frå 1965, som gjenoppretta og verna om retten til å røysta; Loven om immigrasjon og nasjonalitet frå 1965 som oppheva det nasjonale kvotesystemet som var blitt innført i USA på 1920-talet og dramatisk opna for innvandring frå andre delar av verda enn Europa; og Loven om borgarrettar frå 1968 (òg kalla for Indianske borgarrettar eller «Fair Housing Act») som la ned forbod mot diskriminering ved sal eller leige av hus eller leilegheiter. Afroamerikanarar fekk høve til å delta i politikken i Sørstatane, og over heile USA blei unge inspirerte til politisk deltaking og handling. Framvoksteren av Black Power-rørsla, som varte frå rundt 1966 til 1975, utvida måla til borgarrettsrørsla til å omfatta etnisk byrgskap, økonomisk og politisk sjølvforsyning og fridom frå undertrykking av kvite amerikanarar.
Bakgrunn mini|Skilt frå Georgia i USA ved ein busstasjon i 1943 som delte reisande i kvite og farga. mini|Ein afroamerikansk ungdom ved ei raseskild drikkefontene i Nord-Carolina, i 1938. Etter det omstridde valet i 1876 som stod for slutten av rekonstruksjonstida fekk kvite i Sørstatane politisk kontroll over regionen etter aukande truslar og vald i vala. Systematisk vekktaking av røysteretten til afroamerikanarar skjedde i Sørstatane frå 1890 og til 1908 og heldt fram fram til lovane for nasjonale borgarrettar blei vedtekne på midten av 1960-talet. I meir enn 60 år blei til dømes svarte i Sørstatane ikkje i stand til å velja nokon som kunne representera deira interesser i kongressen eller hjå lokale styresmakter.«Representatives and Senators by Congress, 1870–Present», U.S. House of Representatives
I løpet av denne tida hadde Det demokratiske partiet, som var heilt dominert av kvite, fått kontroll over Sørstatane. Det republikanske partiet («partiet til Lincoln»), som hadde vore det partiet dei fleste svarte tilhøyrde, skrumpa inn til å bli ubetydeleg då svarte stemmer blei undertrykte. Ved byrjinga av 1900-talet var bortimot alle valde politikarar i Sørstatane demokratar.
I løpet av den same tida der afroamerikanske ikkje fekk delta i vala, påførte kvite demokratar raseskilje gjennom lovvedtak. Vald og brutalitet mot svarte auka. Systemet med openlys rasisme og diskriminering som var godkjent av styresmaktene etter rekonstruksjonstida i Sørstatane blei kjent som «Jim Crow-systemet». Det blei verande intakt fram til tidleg på 1950-talet. Medan problema og overgrepa mot borgarrettar var på det mest intense i sør, var det sosiale spenningar som påverka svarte òg i andre område av USA.Woodward, C. Vann (1974): The Strange Career of Jim Crow, 3. revi. utg., Oxford University Press, s. 67–109.
Denne perioden omfatta visse ordningar som råka mange afroamerikanarar:
Raseskilje. Ved lov blei offentlege nyttemiddel og tenester (som utdanning) delt i skilde «kvite» og «farga» delar.«Birmingham Segregation Laws» ~ Civil Rights Movement Veterans Dei som var meinte for farga hadde mindre økonomiske middel og dårlegare kvalitet. Fråteken røysterett. Då kvite demokratar fekk makta, vedtok dei lovar som gjorde det umogleg for svarte å røysta. Svarte stemmegjevarar blei jaga bort frå stemmelokala. Talet på afroamerikanske stemmar sokk dramatisk, og dei var ute av stand til å velja eigne representantar. Frå 1890 til 1909 hadde Sørstatane i det som utgjorde dei tidlegare Confederate States of Amerika oppretta grunnlovar som tok høvet til å stemma vekk frå titusentals afroamerikanarar. Utnytting. Aukande økonomisk undertrykking, eksploatering og utnytting av svarte, latinamerikanarar og asiatar, vekktaking av økonomiske høve, og utstrekt diskriminering ved tilsetjing og i arbeidslivet. Vald. Individuell vald, vald frå politiet og organisasjonar, og folkeleg masseverknad til rasistisk vald mot svarte, særleg i Sørstatane, mot latinamerikanarar i sørsveststatene og asiatar i California.
Afroamerikanarar og andre etniske minoritetar avviste dette styret. Dei kjempa mot det på mange vis og prøvde å oppna betre moglegheitar gjennom rettsvesenet, nye organisasjonar, politisk oppreist og arbeidarorganiseringar som fagforeiningar. Foreininga National Association for the Advancement of Colored People (NAACP) blei oppretta i 1909. Ho søkte å få slutt på rasediskriminering gjennom rettssystemet, utdanning og driva lobbyverksemd retta mot særskilde politikarar og organisasjonar. Ho fekk ein juridisk siger i høgsteretten i USA i saka «Brown mot skulestyret» i 1954 som avviste skilje mellom kvite og farga i skulesystemet, og som ved implikasjon velta den sjølvmotseiande doktrinen om at ein var «skilde men like» som var blitt etablert i saka «Plessy mot Ferguson» frå 1896.
Situasjonane for svarte utanfor Sørstatane var noko betre. I dei fleste statane kunne dei stemma og senda barna sine til skule, men dei møtte framleis diskriminering i høve til å skaffa seg hus og i yrkeslivet. Frå 1910 til 1970 søkte afroamerikanarar eit betre liv ved å utvandra nordover og vestover. Bortimot sju millionar svarte forlét Sørstatane i det som i dag er kalla for «Flukta frå Sørstatane».Chicago History: «Great Migration»PBS: «The Great Migration»
Styrka av dei juridiske sigrane, og frustrert over mangelen av umiddelbar praktisk verknad, avviste private borgarar i aukande grad den gradvise, juridiske tilnærminga som det fremste middelet til å oppheva raseskiljet. Dei blei møtte med «massiv motstand» i Sørstatane av tilhengarar av raseskilje og at svarte ikkje skulle ha lov til å røysta. Som utfordring nytta afroamerikanarar ein kombinert strategi av direkte aksjon med ikkjevaldeleg motstand, kjent som sivil ulydnad. Dette førte fram borgarrettsrørsla i USA i tida 1955–1968.
Masseaksjonar i staden for rettssaker Strategien med offentleg utdanning, lobbyverksemd for betre og meir rettferdig lovgjeving og bruk av rettssystemet som hadde vore karakteristisk for borgarrettsrørsla i løpet av den første halvdelen av 1900-talet blei langt breiare etter «Brown mot skulestyret». Det gjekk over til å omfatta og framheva «direkte aksjon» — hovudsakleg boikottar, sit-ins, «Freedom Rides», politiske demonstrasjonar og liknande politisk aktivitet som var avhengig av massemobilisering, ikkjevaldeleg motstand og sivil ulydnad. Denne strategien var typisk for rørsla frå 1960 til 1968.
Kyrkjene, som var sentrum i svarte samfunn, lokale grasrotorganisasjoner, brorskapsamskipnader, og forretningar som hadde svarte eigarar, mobiliserte frivillige til å delta i breitt retta aksjonar og demonstrasjonar. Desse var langt meir direkte og potensielt langt raskare måtar til å skapa samfunnsendringar enn dei tidlegare meir tradisjonelle, høflige og langsamare tilnærmingane via rettsvesenet som ofte møtte frustrerande avslag og motgang.
I 1952 organiserte Regional Council of Negro Leadership (RCNL), leia av den afroamerikanske kirurgen, entreprenøren og gardbrukaren T.R.M. Howard, ein suksessfull boikott av bensinstasjonar i Mississippi som nekta svarte tilgang til toalett. Gjennom RCNL leia Howard kampanjar som avslørte brutaliteten til det amerikanske trafikkpolitiet i Mississippi og ved å oppmuntra svarte til å oppretta bankkonto i den afroamerikansk-eigde Tri-State Bank i Nashville. Som gjenyting gav banken lån til borgarrettsaktivistar som var offer for «credit squeeze», det vil seia påstått mangel på likviditet, frå White Citizens' Council, ein rasistisk organisasjon oppretta i 1954 i Sørstatane som hevda kvit overlegenheit, og som arbeidde aktivt for å oppretthalda raseskilje og undertrykkinga av svarte.Beito, David T. & Beito, Linda Royster (2009): Black Maverick: T.R.M. Howard's Fight for Civil Rights and Economic Power, Urbana: University of Illinois Press, ss.81. 99-100.
Etter at Rosa Parks blei arrestert den 1. desember 1955 for ikkje å ha gitt frå seg bussetet sitt til ein kvit person, blei interesseorganisasjonen Montgomery Improvement Association (MIA) oppretta den 5. desember av svarte prestar og samfunnsleiarar i Montgomery i delstaten Alabama. Under leiarskap av særleg Martin Luther King jr. og Edgar Nixon var MIA medverkande i organiseringa av bussboikotten i Montgomery, ein politisk og sosial protestaksjon retta mot raseskiljelovane i den offentlege transporten i byen. Gruppa heldt boikottane gåande i over eit år før ein føderal rett gav byen ordre om å oppheva raseskiljet i bussane. Det var ein suksessrik kampanje som retta eit stort nasjonalt fokus på raseskiljet i Sørstatane og medverka til at King fekk nasjonal merksemd som talsmann for afroamerikanske rettar. Boikotten inspirerte òg andre boikottaksjonar, som den særs suksessrike boikotten i 1956–1957 i Tallahassee i Florida.«The Tallahassee Bus Boycott—Fifty Years Later», The Tallahassee Democrat, 21. mai 2006
I 1957 slo Martin Luther King jr. og pastor John A. Duffy, som begge var leiarar frå MIA, seg saman med andre kyrkjeleiarar med tilsvarande erfaringar for å oppretta borgarrettsorganisasjonen Southern Christian Leadership Conference (SCLC). Organisasjonen hadde hovudkvarter i Atlanta i Georgia. I staden for å danna eit nettverk av lokalavdelingar slik som NAACP hadde gjort, gav han opplæring og leiarskapsstøtte til lokale forsøk på å kjempa mot raseskilje og rasistisk undertrykking. SCLC samla inn økonomiske bidrag, hovudsakleg frå kjelder i Nordstatane, for å støtta slik aksjonar. Han gjorde ikkjevald både til eit sentralt prinsipp og den fremste metoden for å konfrontera undertrykking og rasisme.
I 1959 grunnla Septima Clarke, Bernice Robinson, og Esau Jenkins, med hjelp frå Highlander Folk School i Tennessee, dei første Citizenship Schools eller «medborgar-skulane» i Sea Islands i Sør-Carolina. Dette var ein type vaksenopplæring som lærte svarte lese- og skrivekunne slik at dei var i stand til å klara prøvene ved politiske val (dei som ikkje kunne lesa blei nekta å røysta). Programmet var ein stor suksess og gav ein trefjerdels auke av talet på svarte stemmar på Johns Island. SCLC overtok opplegget og fordobla resultatet andre stadar.
Hovudhendingar
Saka «Brown mot skulestyret» mini|Skuleintegrering ved Barnard School i Washington, D.C., 1955