Elizabeth Sullivan () var ein britisk-amerikansk teater- og filmskodespelar kjend som Elsa Lanchester.

Som barn optredde ho med Isadora Duncan sin dansetropp i Paris. Ho byrja skodespelarkarrieren på eit barneteater i London.

Lanchester filmdebuterte i 1927 i One of the Best.

I 1929 gifta ho seg med skodespelaren Charles Laughton; dei blei verande gifte til han døydde i 1962.

Paret drog til Hollywood i 1934, og Lanchester blei ein populær skodespelar der. Ho spelte norke karakterroller, men var best i mindre eller komiske roller.

Nokre av hennar mest minneverdige roller er Anna av Kleve i The Private Life of Henry VIII frå 1933 og i tittelrolla som Bride of Frankenstein i 1935.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Elsa Lanchester» frå , den 3. oktober 2020.

Kategori:USA-amerikanarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå London Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Skodespelarar frå 1900-talet