Tracy Chapman () er ein amerikansk songar og låtskrivar, best kjent for singlane «Fast Car», «Talkin' Bout a Revolution», «Baby Can I Hold You» og «Give Me One Reason». Ho har vunne fleire Grammyprisar.
Liv og verk Chapman blei fødd i Cleveland i Ohio. Allereie som barn lærte ho å spela gitar og skreiv sine første songar. Etter å ha fått eit stipend studerte ho sosialantropologi og afrikanistikk, og spelte på same tid inn sine første demoer. Ein av medstudentane hennar hadde kontaktar i plateindustrien, og i 1987 fekk ho platekontrakt med Elektra Records.
Chapman skriv låtar med sparsam instrumentsbruk og tekstar med sosialkritisk innhald. Ho fekk eit gjennombrot då ho opptredde på Nelson Mandela 70th Birthday Tribute Concert i 1988 på Wembley Stadion i London. Då Stevie Wonder måtte avlysa sin opptreden gjekk ho spontant på scena for andre gong og spelte fleire songar frå debutalbumet sitt Tracy Chapman. Same året deltok ho på ein veldedighetsturné for Amnesty International saman med Peter Gabriel, Bruce Springsteen, Sting og Youssou N’Dour.
Tematisk tek songane hennar ofte for seg trøysteløysa i kvardagen, sosiale problem og skuggesidene ved «den amerikanske draumen».
Album
1988: Tracy Chapman 1989: Crossroads 1992: Matters Of The Heart 1995: New Beginning 2000: Telling Stories 2001: The Collection 2002: Let It Rain 2005: Where You Live 2008: Our Bright Future
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Tracy Chapman» frå , den 4. oktober 2020.
Kategori:Afroamerikanarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Folk frå Cleveland Kategori:Musikarar frå Ohio