Voss herad er eit herad i midlùten av Vestland fylke. Heradet grensar i vest til Vaksdal, i sudvest til Kvam, i aust til Ulvik, og i nord til Aurland og Vik. Heradet er vorte vidka fleire gonger; i 1964 då Voss, Vossestrand (Strondi) og Ævanger vart slegne saman og i 2020 då Gronvin herad vart del av heradet.
Voss er eit innlandsherad og knutepunkt for ferdsla, og er med 1 805 kvadratkilometer det største heradet både i tidlegare Hordaland, og i Vestland fylke. 91 % av viddi er fjellende som ligg høgre en 300 meter yver havet. Heradet er eit umtykt skidmål og bygdi hev fostra fleire kjende skidløyparar. Nord for Vossavangen ligg skidlendi med Voss fjellheisar. Dei seinare åri er det òg bygt skiddrag og skidløypor i Myrkdalen, vel 2 mil frå stjornarstaden i heradet. Detta var i samband med utbyggjingi av Voss Fjellandsby.
Ein frå Voss vert oftast i dag kalla vossing, men eldre namn er «ein voss» m, «ei vossa» f og mangtal «vesser».Norsk stadnamnleksion, Voss.
Namnet Namnet Voss kjem frå gamalnorsk Vǫrs og kann ha vore eit tidlegare namn på Vangsvatnet. Kva det kjem frå er uvisst, men eit mogelegt upphav er roti *u̯er- som er knytt til vatn.
Voss er i dag eitt av fjore herad som offisielt nyttar nemningi herad.
Kjeldor
Emne i bakgrunn Offisiell vevgard
Kategori:Høgnorske flokkar