Poco er eit USA-amerikansk countryrockband opphavleg skipa av Richie Furay, Jim Messina og Rusty Young, etter at Buffalo Springfield vart oppløyst i 1968. Poco var ein del av den første bølgja av artistar innan countryrock frå vestkysten. Tittelen på det første albumet, Pickin' Up the Pieces, er ein referanse til oppløysinga av Buffalo Springfield. Gjennom åra har Poco spelt med forskjellige besetningar og er framleis aktive.

Historie

Starten Under innspelinga av det tredje og siste Buffalo Springfield'-albumet, Last Time Around, spelte songarane Stephen Stills, Neil Young og Richie Furay inn sine eigne songar utan at dei andre medlemmane var til stades. Ein solosongane til Furay var den countryaktig balladen «Kind Woman», som han spelte inn med hjelp av produsenten/lydteknikaren/bassisten Jim Messina og pedalsteelgitarist Rusty Young.

Då Buffalo Springfield vart oppløyst, valde Furay, Messina og Rusty Young å starte si eiga gruppe orientert mot slike songar. Den originale besetninga var Furay (vokal and rytmegitar), Messina (sologitar, vokal, produsent), Rusty Young (pedalsteelgitar, banjo, dobro, gitar, mandolin og vokal), George Grantham (trommer og vokal) og Randy Meisner (bass og vokal). Gruppa fekk platekontrakt hos Epic Records, som fekk rettane til Furay frå etiketten til Springfield sitt Atlantic Records, Atco, mot at dei gav rettane til Graham Nash frå The Hollies (som var flytta til Atlantic som ein del av Crosby, Stills & Nash) attende. Opphavleg skulle gruppa heite «Pogo», etter teikneseriestripa med same namn, men vart endra då skaparen, Walt Kelly, truga med søksmål.

Furay-tida (1969 til 1973) Debutplata deira, Pickin' Up the Pieces (1969), vert rekna som eit pioneralbum innan countryrocken.Eder, Bruce. [ Pickin' Up the Pieces review], Allmusic Den første utgåva av Rolling Stone Record Guide, redigert av Dave Marsh og John Swenson, gav albumet fem av fem stjerner. Men albumet selde dårleg, og nådde berre 63. plassen på Billboard 200-lista.

Besetninga skulle få problem gjennom heile karrieren. Under innspelinga av debutalbumet slutta Meisner i gruppa etter ein krangel med Furay. Visstnok protesterte Meisner etter at Furay hadde nekta alle utanom han sjølv og Messina frå å lytte til den endelege miksen av albumet.Eliot, Marc. To the Limit: The Untold Story of the Eagles. Da Capo Press, 2004. p.37. Etter ein periode med Ricky Nelson sitt Stone Canyon Band, vart Meisner sidan ein av dei som skipa Eagles. Messina tok ei kort stund over på bass før Timothy B. Schmit kom inn i bandet i september 1969.

Det andre studioalbumet deira, Poco (1970), selde igjen dårleg og nådde 58. plassen på albumlista. Men albumet somkom etter dette igjen, konsertalbumet Deliverin' (eller DeLIVErin'''), vart noko meir spelt på radio, og Furay-songen «C'mon» nådde 69. plassen på singellista. Deliverin’ vart det første Poco-albumet som nådde topp 40 på Billboard 200, då det nådde 26. plassen.

Messina valde å slutte i bandet i oktober 1970 då han meinte at Furay hadde altfor mykje kontroll over musikkstilen. Han fokuserte i staden på studioproduksjon og skipa sidan Loggins & Messina. Etter forslag frå Peter Cetera i Chicago, valde Messina gitaristen og songaren Paul Cotton, som ein gong var medlem av Illinois Speed Press, som erstattaren sin.

Det nye Poco, som no var i den tredje besetninga si for det fjerde albumet, henta inn Steve Cropper som produsent og gav ut From the Inside (1971). Igjen vart salstalet dårleg og albumet nådde 52. plassen på albumlista.

Bandet var misnøgd med produksjonen til Cropper og henta inn kanadiske Jack Richardson, som hadde hatt stor suksess med The Guess Who og oversåg dei tre neste albuma deira, frå og med A Good Feelin' to Know (1972). Bandet bygde plata kring tittelsporet, ein populært konsertsong, men singelen gjekk ikkje inn på lista. Sjølve albumet nådde 69. plassen på lista. Furay vart derfor stadig meir motlaus med tanke på framtida til Poco, særskild sidan dei tidlegare bandkollegaene hans, Stills, Young, Meisner og Messina hadde så stor suksess med sine respektive grupper. I eit intervju den 26. april 1973 i Rolling Stone med Cameron Crowe lufta han at Poco framleis var eit annanrangs band og ikkje hadde auka publikummet sitt.

Det neste albumet, Crazy Eyes (1973), nådde 38. plassen, men Furay slutta etter utgjevinga og slo seg saman med J.D. Souther og Chris Hillman i Souther-Hillman-Furay Band på Asylum Records. Poco valde å ikkje erstatte Furay og heldt fram som kvartett.

Etter Furay (1973 til 1977) Etter Furay slutta gav bandet ut sine to siste album på Epic: Seven (1974) og Cantamos (1974). Albuma nådde høvesvis 68. og 76. plassen. Poco forlet Epic etter Cantamos og signerte for ABC-Dunhill Records.Head Over Heels var det første albumet deira på ABC, med Schmit sin akustiske «Keep On Tryin», som vart den mest suksessrike singelen deira til då, med ein 50. plass på Billboard Hot 100. På tida då Head Over Heels kom ut, vart samlealbumet The Very Best of Poco gjeve ut med innspelignane deira for Epic. Epic-utgjevinga konkurrerte med Head Over Heels og ingen av dei selde særskild godt, med høvesvis 43. plassen og 90. plassen på albumlista.

Det neste albumet til gruppa på ABC var Rose of Cimarron, som heller ikkje skapte mykje entusiasme og nådde 89. plassen på albumlista. Ei anna Epic-utgjeving kom ut i 1976, konsertalbumet Live.

Al Garth (tidlegare i Loggins and Messina), som hadde vore gjesteartist på Head Over Heels og Rose of Cimarron, kom inn i turnébandet til gruppa i 1976 på saksofon og fiolin, men var borte før året var omme.

Sommaren 1976 skulle gruppa turnere med Stills-Young Band, men hamna i ein vanskeleg situasjon då Neil Young trekte seg frå turneen, som så vart avlyst.Indian Summer kom ut våren etter og nådde 57. plassen, medan tittelsporet nådde 50. plassen på singellista.

Suksess (1977 til 1980) I august 1977 slutta Schmit i gruppa for å bli med Eagles, og erstatta nok ein gong det tidlegare Poco-medlemmet Meisner. Eit planlagd konsertalbum frå Santa Monica Civic Auditorium i Los Angeles i juli 1977 vart derfor skrinlagd av ABC. Etter å ha lege lagra i åresvis, vart albumet omsider gjeve ut av John Thaler og Futuredge Music i lag med Universal Special Projects som The Last Roundup in 2004.

Etter Schmit slutta, valde Poco å ta seg ein pause. Grantham tok seg fri, medan Young og Cotton valde å halde fram som «Cotton-Young Band» for å doble sjansen til suksess. Dei hadde med seg Britons Steve Chapman (trommer) og Charlie Harrison (bass, korvokal) (tidlegare Judas Jump), som begge tidlegare hadde spelt med Leo Sayer og Al Stewart. Men ABC valde å å berre gje ut Cotton-Young-albumet under namnet Poco. Så sjølv om Grantham aldri hadde slutta i Poco, fann han seg sjølv kjøpt ut av gruppa etter at han var misnøgd med korleis forretningane var sett opp, mellom anna at inntektene av utgjevingane deira ikkje lenger var delt jamt. Etter ein periode med McGuinn, Clark & Hillman, byrja han å spele som trommeslagar for Ricky Skaggs.Legend (1978), Cotton-Young-albumet med plateomslaget av kunstnaren (og seinare komikaren) Phil Hartman, vart det bestseljande albumet deira med to topp 20-hittar, «Crazy Love» skriven og sungen av Rusty Young og Cotton sin «Heart of the Night». Albumet vart det første Poco-albumet som selde til gullplate i USA.

Kim Bullard (klaverinstrument, korvokal) kom inn i bandet i desember 1978, like etter Legend kom ut. Medan «Crazy Love» klatra på listene tidleg i 1979, vart ABC Records seld til MCA Records. Poco vart overteken av MCA og Legend vart gjeve ut på ny på MCA.

Med momentet Legend hadde skapt, vart Poco invitert av Musicians United for Safe Energy om å spele under konsertane deira i Madison Square Garden i september 1979. Og den nye hitten deira, «Heart of the Night», kom ut på det påfølgjande konsertalbumet, No Nukes. Konserten og albumet var til støtte for kjernefri energi. Andre store artistar på både konsertane og albumet var mellom andre Bruce Springsteen og Jackson Browne.

1980 til 1999 mini|Jim Messina på scenen i 2009. Den første halvdelen av 1980-åra gav gruppa ut ytterlegare fem album: Under the Gun (1980), Blue and Gray (1981), Cowboys & Englishmen (1982) på MCA og flytta så over til Atlantic Records, med Ghost Town (1982) og Inamorata (1984). Poco klarte ikkje å oppnå same suksessen dei hadde hatt med Legend, og kvart album selde dårlegare enn føregangaren.

Poco bidrog òg med songen «I'll Leave it Up to You» til filmen Fast Times at Ridgemont High i 1982.

På Inamorata tona bandet ned «countryrock»-stilen sin og brukte ein meir 80-tals popstil med meir klaverinstrument og synth, i tillegg til elektroniske trommer. Gjesteartistar på albumet var dei tidlegare medlemmane Timothy B. Schmit, Richie Furay og George Grantham.

Grupa mista platekontrakten sin med Atlantic på grunn av det dårlege salet av Inamorata, men heldt fram å turnere, hovudsakleg i små klubbar. Bullard slutta og vart med i Crosby, Stills & Nash i 1983 (men spelte framleis på Inamorata) og Harrison (som ikkje hadde spelt på Inamorata) slutta i midten av 1984. Dei nye medlemmane Jeff Steele (bass) og Rick Seratte (klaverinstrument, korvokal) kom inn for turneen til Poco i 1984, men dei slutta, og i lag med trommeslagaren Chapman, vart dei erstatta i 1985 av den framtidige Great Plains frontmannen Jack Sundrud (vokal, bass, gitar) og Grantham som kom attende. Grantham var berre ei kort stund attende i Poco. Seint i 1985 spurte Ricky Skaggs han om å bli med i bandet hans igjen. Chapman kom attende på trommer igjen. I denne perioden flytta bandet til Nashville og spelte inn nokre demoar, men dei fekk ikkje ny platekontrakt. Etter nokre spreidde konsertar for gruppa i 1986 og 1987, spelte ikkje Paul Cotton med Poco igjen før i 1992.

Etter ein lengre pause frå studio, dukka bandet opp att, etter oppfordring frå Richard Marx og manageren hans Allen Kovac, som no tok over Poco, på RCA med det suksessrike Legacy (1989), med dei originale medlemmane Young, Furay, Messina, Grantham og Meisner, tjue år etter debutplata til Poco. Sjølv om Timothy B. Schmit og Paul Cotton òg vart spurte om å bli med på prosjektet, avslo Scmhit og Cotton, som var oppteken med solokarrieren sin, vart kjøpt ut av gruppa og det enda opp med å bli berre dei fem originale musikarane. Albumet gav dei ein topp 20-hit, «Call It Love», hausten 1989, og ein ny topp 40-hit, «Nothing to Hide», tidleg i 1990, som gav Poco det andre gullalbumet deira. Dette var det 19. albumet deira totalt.

Gruppa fekk inn ein ny klaverspelar, Dave Vanacore, og turnerte tidleg i 1990 som oppvarmingsartist for Marx. Furay, som no var blitt prest i ei kyrkje i Colorado, måtte så trekkje seg på grunn av pliktene sine, og Poco turnerte sommaren 1990 med Sundrud attende som rytmegitarist for Furay.

Trass gullplata og to hitsinglar, klarte uheldigvis ikkje gruppa å tene mykje pengar på turneen i 1990. Eit av problema var at dei var hyra inn til å spele på militærbasar, som viste seg å vere stort sett tomme, fordi soldatane var blitt sende til Persiabukta og Gulfkrigen. RCA enda opp med å droppe dei frå stallen sin og innspelinga for ein oppfølgjar til Legacy vart skrinlagd.

I 1991 turnerte Poco som ein akustisk trio med Young, Messina og Meisner (trommeslagaren Gary Mallaber vart med dei for nokre konsertar i Japan i juli). Mot slutten av 1991 hadde Messina og Meisner slutta for å satse på dei individuelle karrierane sine.

Etter Messina og Meisner slutta, skipa Young eit sideprosjekt, Four Wheel Drive, med John Cowan (frå New Grass Revival), Bill Lloyd (frå Foster & Lloyd) og Patrick Simmons (frå Doobie Brothers). Dei fekk kontrakt med RCA Nashville og spelte inn eit heilt album, som aldri kom ut. Warner Bros. Records plukka så opp gruppa i 1993, men dei vart truga med søksmål frå band som alt hadde namnet Four Wheel Drive, og dei endra namnet sitt til The Sky Kings. Det einaste albumet deira, fullført i 1997, kom først ut i 2000, tre år etter bandet var oppløyst.