mini|Nintendo Classic Mini-konsoll med handkontroll mini|Japansk utgåve av konsollen
Nintendo Classic Mini: Nintendo Entertainment System, også kjend som NES mini eller NES Classic i daglegtalen, er ein dedikert spelkonsoll utgjeven av Nintendo som emulerer Nintendo Entertainment System. Konsollen vart utgjeven den 10. november 2016 i Japan og Australia, og den 11. november 2016 i Europa og Nord-Amerika. Estetisk er han ein liten replika av NES-konsollen, med 30 NES-spel installert og med støtte for lagring av framgangen i alle spela.
Nintendo produserte og selte omkring 2,3 millionar NES Classic Mini-konsollar mellom november 2016 og april 2017, der kvar av leveransane straks vart utselde. I april 2017 annonserte Nintendo at dei ville avvikle salet av produktet, som førte til forvirring hjå forbrukarar og tilfelle der private seljarar selde konsollen til ein sterkt auka pris. På grunn av etterspurnaden av NES Classic, og suksessen til oppfølgjaren Nintendo Classic Mini: Super Nintendo Entertainment System, starta Nintendo produksjonen av NES Classic opp att den 20. juni 2018. Produksjonen vart avvikla att i desember 2018.
Installerte spel Games NA/PAL JapanAtlantis no NazoBalloon FightBubble BobbleCastlevaniaCastlevania II: Simon's QuestDonkey KongDonkey Kong Jr.Double Dragon II: The RevengeDr. MarioDowntown Nekketsu Kōshinkyoku: Soreyuke DaiundōkaiExcitebikeFinal FantasyFinal Fantasy IIIGalagaGhosts 'n GoblinsGradiusIce ClimberKid IcarusKirby's AdventureThe Legend of ZeldaMario Bros.Mega Man 2MetroidNES Open Tournament GolfNinja GaidenPac-ManPunch-Out!! Featuring Mr. DreamRiver City RansomSolomon's KeyStarTropicsSuper ContraSuper Mario Bros.Super Mario Bros. 2/USASuper Mario Bros. 3Tecmo BowlTsuppari ŌzumōYie Ar Kung-FuZelda II: The Adventure of Link
Merknader
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nintendo Classic Mini: Super Nintendo Entertainment System» frå , den 15. oktober 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Introduksjonar i 2016 Kategori:Spelkonsollar Kategori:Nintendo Entertainment System