Ambros Sollid () var ein norsk tenestemann og politikar frå Heddal i Telemark. Han representerte partiet Venstre på Stortinget frå 1937-45.

Sollid var son til ein gardbrukar og lærar. Sjølv tok han eksamen ved Bratsberg amts landbruksskule i 1899 og ved Norges landbrukshøyskole i 1902. Dei neste åra underviste han på Seljord friseminar og til 1905 på Telemark folkehøgskule. Skuleåret 1905/06 var han lærar og gardsstyrar på Telemark landbruksskule. I 1906 fekk han stillinga som fylkesagronom i Telemark, samstundes redigerte han til 1915 landbruksstoffet i avisa «Varden». Frå 1920 hadde Sollid jobben som sekretær i Telemarks landbruksselskap, heilt til han i mars 1944 vart avsett av nazi-styresmakter. Då krigen var over i mai 1945 fekk han tilbake stillinga. Til sist fylkeslandbrukssjef i Telemark frå 1949.

Sollid var medlem av bystyret i Skien frå 1929 til 1945; varaordførar 1932-34 og ordførar 1935-1937. Samstundes som han var varaordførar var han formann i skulestyret. Hausten 1936 vart han vald til stortingsrepresentant frå dei åtte kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder som representant for Venstre. På Tinget hadde han plass i Militærkomiteen.

I 1927 fekk Sollid utgitt Telemark Landbruksselskap 1777-1877.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Telemark og Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Ordførarar i Skien Kategori:Venstreordførarar i Telemark Kategori:Norske agronomar Kategori:Folk frå Notodden Kategori:Folk frå Skien