Gypsy Cowboy er det tredje studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet New Riders of the Purple Sage, spelt inn og gjeve ut i 1972.
Albumet inneheld seks originale songar av John Dawson og tre av Dave Torbert, i tillegg til coverversjonar av countryklassikarane «She's No Angel» og «Long Black Veil». Donna Jean Godchaux frå Grateful Dead syng korvokal på to songar, «Whiskey» og «Long Black Veil». Det vart gjeve ut ein singel frå albumet — «Groupie» / «She's No Angel».Gypsy Cowboy at the Grateful Dead Family DiscographyGypsy Cowboy at nrps.net, the NRPS official website
I 2007 kom Gypsy Cowboy ut på ny på Wounded Bird Records med fire bonusspor. Desse var konsertopptak av «Groupie», «Sutter's Mill», «Superman» og «She's No Angel». Alle utanom «Superman» var henta frå New Riders-albumet Home, Home on the Road frå 1974.
Innhald
Medverkande New Riders of the Purple Sage John Dawson – rytmegitar, solovokal på «Whiskey», «Sutter's Mill», «Death and Destruction», «Linda», «Superman», felles solovokal på «Long Black Veil» og «Sailin'» David Nelson – sologitar, dobro, mandolin, bagpipes, solovokal på «She's No Angel», felles solovokal på «Long Black Veil» Dave Torbert – bass, akustisk gitar, solovokal på «Gypsy Cowboy», «Groupie» og «On My Way Back Home», felles solovokal på «Long Black Veil» Buddy Cage – pedalsteelgitar Spencer Dryden – trommer
Andre medverkande Darlene DiDomenico – korvokal på «Whiskey», «On My Way Back Home» og «Superman» Donna Jean Godchaux – korvokal på «She's No Angel» og «Long Black Veil» Richard Greene – fiolin Mark Naftalin – piano Jack Schroer – saksofon
Produksjon Produsent: Stephen Barncard og NRPS Lydteknikarar: Stephen Barncard, Dave Brown, Ellen Burke Plateomslag: Lore Orion Notis i omslaget: John Tobler
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gypsy Cowboy» frå , den 18. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:New Riders of the Purple Sage-album Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Album produserte av Stephen Barncard Kategori:Columbia Records-album